Ansikt til ansikt med art nouveau
Utstyr
A3-skissebok
teikne- eller akvarellpapir (A3-format)
(Du kan òg bruke lerret eller bokpapp.)teikne- og fargeblyantar
utstyr til sjølvvald fargeleggingsteknikk (til dømes akvarell eller gouache)

Del 1: Set deg inn i art nouveau-stilen
Les fagartikkelen "Art nouveau – jugendstil". Der finn du informasjon om perioden.
Skriv ein sjølvstendig digital tekst
Beskriv stilen art nouveau (cirka 300 ord) med faktum og gode biletdøme. Bruk "Art nouveau" som overskrift. Hugs å oppgi kjelder.
Skriv deretter ein litt lengre tekst (cirka 450 ord) som går grundigare inn på biletkunst i art nouveau-perioden. Vis gode biletdøme og bruk "Kunst i art nouveau" som overskrift. Hugs å oppgi kjelder.
Del 2: sjølvportrettoppgåve
Du skal utarbeide eit analogt sjølvportrett i ein dekorativ komposisjon (cirka A3-format). Uttrykket skal vere inspirert av art nouveau-stilen. I tillegg til ditt eige ansikt skal komposisjonen ha med
namnet ditt skrive i ein skrifttype i art nouveau-stil:
ein gjenstand frå vår eiga tid gjengitt i formspråket frå art nouveau

Dokumentasjon i skissebok
Jobb i skisseboka med å utforske ulike visuelle uttrykk med formspråk som art nouveau er kjend for. Øv på å komponere kvar enkelt side i skisseboka på ein leiken og frodig måte.
Skriv faglege kommentarar undervegs, og forklar korleis du bruker visuelle verkemiddel i arbeidet ditt.

Sjølvportrett
Bli kjend med ditt eige ansikt ved å teikne ansiktstrekk, hår og eventuelt klede som ein første del av skisseprosessen. Du kan teikne etter foto, på frihand med spegel eller digitalt. Det stiliserte sjølvportrettet skal ha ein viss likskap med deg sjølv. Men du kan gjerne forandre noko, til dømes hårlengde og hårstruktur, for å etterlikne art nouveau-stilen.
Vel om vi skal sjå deg framanfrå (en face), eller i halvprofil eller profil. Utsnittet skal ha med ansikt, hår, hals og overgang til skulder, men du kan òg bruke halv- eller heilfigur. Forklar med foto, teikning og tekst korleis du har jobba med sjølvportrettet ditt.
Vis med teikningar at både sjølvportrettet og bakgrunnen er inspirerte av art nouveau-stilens former, fargar og komposisjonstrekk.
Moderne gjenstand omforma til art nouveaus formspråk
Finn ein gjenstand frå vår samtid, etter cirka 1980. Jobb med å forme om gjenstanden slik at han passar inn formspråket som er typisk for art nouveau. Du kan forandre på den ytre forma, på fargar og dekor. Vis korleis du formar om gjenstanden med skissearbeid.
I komposisjonen din kan gjenstanden fungere både som mønster i biletet, og/eller som tilbehøyr til personen i portrettet. Med dette viser du at portrettet ditt er inspirert av art nouveau, men laga i vår tid.
Idéutvikling
La deg inspirere av bilete frå perioden, og vis fram kva verk du har brukt, i skisseboka di.
Format
Lag små skisser, og prøv ut kva format som passar best til komposisjonen:
kvadratisk eller rektangulært?
Komposisjon
Kva positur vel du?
Kor nært motivet vil du gå?
Kvar vil du plassere namnet ditt?
Korleis vil du la ein omforma moderne gjenstand bli ein del av biletet?
Jobb med å skape eit heilskapleg uttrykk, og vis korleis du har komme fram til komposisjonen, i skisseboka di.

Fargar
La deg inspirere av fargane som blir brukte i art nouveau, prøv ut ulike fargesamansetningar og lag fargeskisser.

Gjennomføring
Du kan bruke digitale hjelpemiddel i planlegginga av det ferdige produktet. Gjer det tydeleg korleis du har jobba sjølvstendig med utvikling av komposisjon og fargebruk. Vis med bilete, og gjer greie for inspirasjonen dersom du har brukt eller forma om element frå arbeida til andre i din eigen komposisjon.
Overfør komposisjonen din til teikne- eller akvarellpapir, lerret eller bokpapp (cirka A3-format). Sjølve sluttproduktet skal utførast for hand. Vel ein eigna fargeleggingsteknikk.
Refleksjon
Svar skriftleg på refleksjonsspørsmåla under:
Fekk sluttproduktet ønskt likskap med art nouveau-stilen?
Grunngi kvifor / kvifor ikkje.Grunngi valet av den moderne gjenstanden og korleis du har plassert han inn i komposisjonen.
Kva komposisjonsprinsipp er tydelegast i komposisjonen din?
Korleis har du brukt fargelære, og korleis kan fargebruken din knytast til art nouveau?
Kva har du lært i denne prosessen?
Kva ville du gjort annleis viss du skulle løyse oppgåva på nytt?
Kva gjer at du vil kunne kjenne igjen art nouveau-stilen etter denne oppgåva?
Lag ei utstilling saman med klassen din
Heng bileta dykkar tett saman og fyll ein vegg med art nouveau-inspirerte sjølvportrett.
Relatert innhald
Eit prosesshefte dokumenterer korleis du har jobba med eit prosjekt. Der skal du vise fagleg kompetanse og reflektere over utvikling og resultat.
Forenkle, stilisere og abstrahere er ulike måtar å arbeide vidare med eit utgangspunkt på.