Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Montering av teikningar

For å framheve ei teikning du er fornøgd med, kan du montere henne på kartong. Det kan vere fint å bruke farga kartong. Er det fleire teikningar som skal henge saman, kan du knyte dei til kvarandre ved å velje same farge på kartongen.

Plassering av teikningar

Det kan verke logisk å montere ei teikning på midten av kartongen. Dette stemmer for den horisontale justeringa, altså kor mykje marg du skal ha på venstre og høgre side av biletet. Kor mykje luft som skal vere over og under biletet, er derimot ikkje like sjølvsagt.

Viss vi monterer teikninga geometrisk på midten, som er det vi kan rekne oss fram til, vil det verke som ho er plassert for lågt nede på kartongen. Biletet kan sjå ut som det er plassert slik ved eit uhell.

For å unngå at det skal sjå slik ut, kan du montere teikninga slik at det blir litt meir luft under enn over. På den måten motverkar du den visuelle effekten, og plasseringa av biletet vil sjå betre balansert ut.

Signatur og dato

La det bli ein vane å signere og datere kunstverka dine. Ein vanleg plass å signere på er i det nedste høgre hjørnet.

Lim eller teip?

Viss du skal bruke lim, blir det best med tynne lag med lim. Limstift eignar seg godt, sidan han inneheld lite fukt. Bruker du flytande lim, må du stryke det ut så jamt og tynt du kan. Klumpar med lim kan få både teikning og kartong til å bukle seg.

Dobbeltsidig teip er ein effektiv måte du kan feste teikninga til kartongen på.

I alle tilfelle må du planlegge liminga for å unngå søl på teikninga og på arbeidsflata. Det beste er å ha ei eiga sone for liming og ei anna sone for montering.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 11.12.2024