Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Presentasjon

Fagstoff
Video

Slik gjer du opptak med mobilen

Kva må du tenkje på når du filmar med mobiltelefonen? Her får du fem konkrete tips.

5 tips til filming med mobilen

I filmen (lengde 4:14) forklarer videoprodusent Hilde Gullhaug Hennes, korleis du kan utnytte automatikken i eit mobilkamera for å få betre opptak. Følgjer du desse råda, hevar du kvaliteten på filmane du lagar med mobiltelefonen.

Video: Hilde Gullhaug Hennes / CC BY-SA 4.0
  1. Sjå lyset!

    Skru på mobilkameraet, og ta det med på ein runde i rommet der du skal filme. Legg merke til korleis lyset i biletet blir forandra, og stopp der du finn det beste lyset. Den største lyskjelda kan gjerne plasserast bak mobilkameraet.

  2. Høyr lyden!

    Gå nær mobiltelefonen når du gjer opptak, slik at mikrofonen klarer å fange opp lyden. Pass på at du fjernar alle lydkjelder som du ikkje vil ha med i opptaket (døme: lukk eit ope vindauge).
    Mobiltelefonen klarer ikkje å skilje mellom ulike lydkjelder, så du må bruke øyra dine.

  3. Tenk på sjåarane dine!

    Finn noko stødig som mobiltelefonen kan lene seg mot, som til dømes bøker, eller bruk stativ for å unngå opptak som ristar. Det er mykje meir behageleg for sjåarane dine med stødige bilete! Vurder òg om du skal filme i liggjande format. Liggjande format eignar seg best viss filmen skal spelast av på ei datamaskin.

  4. Sjekk opptaket!

    Hugs å sjå på det du har filma, før du pakkar saman. Det er kjedeleg å måtte byrje på nytt viss du seinare oppdagar at noko ikkje stemmer.

  5. Tilpass tekst og musikk

    Vel ein skrifttype som har god lesbarheit, og pass på at skrifta skil seg nok ut frå bakgrunnen. Musikken justerer du til passande lydnivå i forhold til stemme eller andre lydar.


Skrive av Hilde Gullhaug Hennes og Maren Aftret-Sandal.
Sist oppdatert 16.02.2022