Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Art nouveau – jugendstil

Art nouveau er fransk og betyr "ny kunst". Stilretninga var populær frå cirka 1890 til 1910 og fekk namnet etter eit galleri for dekorativ kunst i Paris. I Tyskland blei ho kalla jugend, som betyr "ungdom". Stilen er kjend for mjuke, elegante linjer og bruk av symbol og organiske former.

Fagord

Asymmetrisk
er når element i ein komposisjon blir plasserte ulikt ut frå ein midtstilt akse.
Dekorativ
betyr at noko er estetisk. Det er laga for å sjå fint ut.
Organisk
er når former har uregelmessige, mjuke linjer, slik som dei vi finn i naturen.
Ornamentikk
er dekorativ utsmykking. Eit stilisert eller abstrakt motiv blir gjenteke, ofte på ein rytmisk og symmetrisk måte.
Symbol
er eit teikn eller ein gjenstand som vi har lært oss betydninga av. Eit av dei mest brukte symbola i kulturen vår er hjartet. Det får oss til å tenke på varme kjensler og kjærleik.

Kjenneteikn ved art nouveau

Art nouveau oppstod i ei fredeleg tid som var prega av framtidstru og optimisme. Samtidig kom det ein reaksjon på industrialiseringa og dei strenge moralske normene i samfunnet. Eit nytt syn på kunst, der ein la vekt på skjønnheit og symbolikk, utvikla seg.

Art nouveau-stilen er kjend for dei organiske uttrykka sine. Det vil seie at formene har uregelmessige og mjuke linjer, som i art nouvau-stilen blei gjorde lange og elegante. Komposisjonane er ofte asymmetriske og kan ha rytmiske mønster.

Natur som inspirasjon

Formgivarane var inspirerte av naturen, og dei såg det som si oppgåve å skape skjønnheit og harmoni. Dei meinte at alle gjenstandar – same kor daglegdagse dei var – kunne formast som kunstverk.

Dekorativ kunst

På engelsk blir art nouveau-stilen kalla decorative style. Gustav Klimt (1862–1918) var ein austerriksk målar som var knytt til art nouveau-rørsla. Han kunne la motiva gå over til å bli ein del av den dekorative ornamentikken i bileta, nokre av dei med innlagd gull.

Fargebruk i art nouveau

Fargane i art nouveau-stilen er ofte delikate og dempa, og slik forheld dei seg òg til kvarandre. Kunstnarane brukte gjerne fleire nyansar av ein farge. Dyre- og planteriket inspirerte til varme fargetonar.

Viktige symbol i art nouveau

Sensuelle kvinnefigurar og svinga blomsterlinjer er typiske for art nouveau. Kvinnene hadde ofte langt, bølget hår og symboliserte glamour, ynde og modernitet. Dei blei sett på som frigjorde og mystiske.

I tillegg var det vanleg med følgande bruk av symbolikk:

  • Treet var eit uttrykk for menneskets forhold til naturen og samtidig eit fruktbarheitssymbol.
  • Vatnet symboliserte framhald og det uendelege.

  • Blomstersymbolikk:

    • Kala og iris representerte kvinnelegheit.

    • Lilja og valmuen symboliserte mystikk.

  • Svana representerte reinleik, det feminine og harmoni.

  • Sommarfuglen symboliserte det skjønne.

  • Påfuglfjør vart sett på som eit symbol på forfengelegheit.

Studer uttrykka og reflekter

Kva kjenneteikn og kva symbolbruk finn du igjen i bileta på denne sida? Korleis kan vi sjå at dei høyrer til same stilepoke, trass i forskjellane mellom dei?

Inspirasjon frå asiatisk kunst

I denne perioden auka kontakten mellom Asia og Europa. Det gjorde at europeiske designarar og kunstnarar let seg inspirere av asiatisk kunst, der dei hadde andre tradisjonar for bruk av fargar og teknikkar.

Japanske fargetrykk hadde ofte lukka former med meir eller mindre einsfarga flater, nokre gonger med eit tydeleg oppteikna omriss. Dette let art nouveau-kunstnarane seg inspirere av.

Plakatkunst

Plakaten blei anerkjend som kunstuttrykk og blei ikkje lenger berre brukt i marknadsføring. Fleire biletkunstnarar vart opptekne av at plakatane kunne nå ut til mange menneske. Samtidig ønskte dei å arbeide meir tverrfagleg med kunsten sin.

Plakatkunsten blei òg inspirert av japanske fargetrykk. Bruken av konturar og mangelen på skuggelegging påverka utforminga av plakatar i art nouveau-stil. Skrifttypane følgde linjene, formene og fargane i plakatane. Stundom kunne bokstavane bli ein del av motivet.

Henri de Toulouse-Lautrec

Ein av dei mest kjende plakatkunstnarane frå denne perioden heitte Henri de Toulouse-Lautrec (1864–1901). Han var ein dyktig teiknar, og måten han kunne forenkle eit motiv og bruke konturar og avgrensa flater på, var som skapt for denne kunstarten. Plakatane hans innleidde ein gullalder for plakatkunsten.

Litografi

Ny teknologi for trykking, litografiet, gjorde at fargetrykk kunne masseproduserast på ein billig måte. Det førte til at folk flest fekk råd til å kjøpe kunstmagasin og kunne dekorere heimane sine med kunstplakatar.

Litografi som grafisk teknikk

Litografi er ein teknikk som baserer seg på at vatn og feitt avstøyter kvarandre. Først teiknar eller målar vi biletet på ein porøs kalkstein, ein såkalla litostein. Til det bruker vi eit feitt litokrit eller ein feit litotusj. Kalksteinen skal deretter fuktast med vatn. Når vi så påfører trykkfargen, festar han seg berre til dei feitthaldige felta på steinen, altså der fargen i den opphavlege teikninga sit, og ikkje til dei våte partia. Til slutt blir fargen overført til papiret i ei trykkpresse. I filmen under (lengde 2:24) viser Cathrine Alice Liberg korleis ho bruker denne grafiske teknikken.

Video: Norske Grafikere / Avgrensa gjenbruk

Dagens offsetpresser er baserte på det same prinsippet, men her blir det brukt andre materiale, og heile prosessen er automatisert.

Alfons M. Mucha

Alfons Maria Mucha (1860–1939) var ein tsjekkisk målar, grafikar og designar. Han slo gjennom som plakatkunstnar i Paris i 1895 med ein teaterplakat av skodespelaren Sarah Bernhardt. Med dekorative og detaljrike mønster skapte han eit nytt kunstuttrykk, og illustrasjonane hans blei verdskjende.

Insekt var eit populært motiv i art nouveau-stilen, spesielt augnestikkaren. Under ser du eit utsnitt av ein bord frå 1901, der Mucha har brukt insekt og blomstrar som . Seinare utarbeidde han ei samling av ornamentale mønster (Les documents décoratifs) som han publiserte i 1902, saman med forslag til korleis dei kunne brukast.

Tekstilkunst

Frida Hansen (1855–1931) vidareutvikla den norske vevetradisjonen på slutten av 1800-talet og blei ein viktig del av kunstrørsla art nouveau. Motiva henta ho frå natur og historie, ofte med sterke kvinnefigurar. Frida Hansen blei ein av dei første norske kvinnelege kunstnarane som fekk stor internasjonal anerkjenning.

Kva har du lært?

Kjelder

Fagernes, T. (2024, 26. november). Gustav Klimt. I Store norske leksikon. https://snl.no/Gustav_Klimt

Fahr-Becker, G. (2000). Jugendstil. Könemann.

Fjellstad, L. H. (2025, 22. februar). Alfons Mucha. I Store norske leksikon. https://snl.no/Alfons_Mucha

Linder, M. (2025, 1. juli). Frida Hansen. I Store norske leksikon. https://snl.no/Frida_Hansen

Simonnæs, A. S. (u. å.). Frida Hansen – En ledestjerne innen europeisk tekstilkunst. Nasjonalmuseet. Hentet 27. oktober 2025 fra https://www.nasjonalmuseet.no/historier-fra-museet/dypdykk-i-samlingen/frida-hansen/

Tschudi-Madsen, S. & Fagernes, T. (2025, 24. februar). Art nouveau. I Store norske leksikon. https://snl.no/art_nouveau

Tschudi-Madsen, S. (2025, 21. februar). Henri de Toulouse-Lautrec. I Store norske leksikon. https://snl.no/Henri_de_Toulouse-Lautrec

Vold, T. (2007). Kunst og formkultur 1. Gyldendahl Norsk Forlag.

Skrive av Ellen Johansen, Inger Gilje Sporaland og Unni Karoline Bakke.
Sist oppdatert 27.10.2025