Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Om faget

Faget kunst og visuelle verkemiddel blir utvikla i tråd med Kunnskapsløftet 2020. Vi har teke utgangspunkt i både overordna og fagspesifikk del av læreplanen: kompetansemål, beskriving av fagrelevans og sentrale verdiar, kjerneelement, tverrfaglege tema og grunnleggande ferdigheiter.

Korleis finne fram i faget?

Når du går inn på Kunst, design og arkitektur, vg1 på NDLAs hovudside, vil du førebels berre få opp kunst og visuelle verkemiddel som programfag. Arbeidet med design og arkitektur starter hausten 2026. Klikkar du deg inn på eit programfag, får du opp ei oversikt over emna i det aktuelle faget.

Emne med tilhøyrande artiklar og oppgåver

Går du inn i eit emne, finn du ei opplisting av fagartiklar og oppgåver som høyrer til emnet. Nokre av emna er delte opp i underemne. Då vil du finne artiklar og oppgåver når du klikkar deg vidare til dei enkelte underemna.

Menyvisning, språkveljar og fritekstsøk

Øvst på kvar side finn du ein knapp med knappeteksten Meny. Til høgre for innhaldsknappen finn du språkveljaren og søkefunksjonen. Klikkar du på menyknappen, får du opp ei oversikt over innhaldet i faget. Språkveljaren lar deg velje bokmåls- eller nynorskversjon av innhaldet, og søkefunksjonen kan du bruke til søk i faget og på heile ndla.no.

Søk på innhald knytt til same kompetansemål

Det er òg mogleg å søke og sortere innhald etter kompetansemål. Det gjer du enklast ved å gå inn på fagframsida og klikke på det vesle ikonet Vis kompetansemål, som er plassert rett under namnet på faget.

Innhald

Dei fleste ressursane i kunst og visuelle verkemiddel vg1 er klare til skolestart 2025, men vi vil supplere med nokre enkeltressursar. Vi jobbar vidare med vg2-faget, som skal bli ferdig innan sommaren 2026.

Skapande prosessar

Skapande prosessar er sentralt i faget. Dette ivaretek målsetjinga frå overordna del om at elevane skal få utfolde skaparglede, engasjement og utforskartrong og få erfaring med å sjå mogelegheiter og omsetje idéar til handling. Kunstnarisk arbeid krev også evne til å reflektere og gjere vurderingar.

Når elevane skal løyse kreative oppgåver i faga våre, går dei gjennom desse prosessane. Dei skal utforske, eksperimentere, gjennomføre, dokumentere og vurdere – og vi vil helst at dei skal ha glede av det undervegs.

Vi har lagt opp til små introduksjons- og øvingsoppgåver som passar inn i ein større heilskap, men har òg forslag der desse er integrerte i meir omfattande oppgåver. Dette gir høve til ei variert undervisning som oppmuntrar til utforsking, eksperimentering og til å ta risiko.

Skissebok

Vi vil oppmode til at elevane bruker skissebok i alle oppgåver der det er mogleg. Vi anbefaler ei A3-skissebok med teiknepapir (160 gram). Ho kan brukast til å samle alle øvingar, eksperiment, utprøvingar og fagstoff. Eit tips er å reservere ein del bakarst i boka til fagomgrep, og fagomgrepa kan gjerne illustrerast. Elevane kan også oppmodast til å bruke skisseboka aktivt etter eige initiativ. Her kan dei samle inspirasjon og teste ut ulike teknikkar og idéar.

Ei skissebok der all dokumentasjon er samla, er eit godt utgangspunkt for å legge merke til progresjonen til eleven og kan vere grunnlag for ein del av undervegsvurderinga. Det vil òg ha stor verdi for eleven å ha ei slik bok undervegs, også etter eit skuleår. Under "Skissebok" og "Eksperimentering" finn de tips til korleis skisseboka kan brukast.

Visuelle verkemiddel

Vi starter med ein generell inngang til emnet Visuell kommunikasjon og går meir i djupna på ulike visuelle verkemiddel. I vg1 skal elevane utforske bruk av visuelle verkemiddel og vurdere uttrykk, verknader og meining i eigne arbeid. Vi startar med grunnleggande form- og fargeteori i desse emna:

Teknikk og materiale

Elevane skal få øving i ulike teknikkar og prøve ut ulike materiale og verktøy. Vi har valt å begynne grunnleggande med:

I vg2-faget vil vi bygge vidare på dette og gå meir inn på plastiske, mjuke og harde materiale. I tillegg har vi laga eit eige emne om:

Her har vi lagt vekt på å knytte dette til målgruppe, som er KDA-elevar.

Møte med kunst

Vi utviklar den estetiske sansen vår i møte med ulike kulturelle uttrykk. Samtidskunst og kunst- og kulturhistorie er ein viktig del av faget. Dette kan bidra til å løfte fram nye perspektiv og gi elevane historisk og kulturell innsikt og forankring. Vi har oppretta to hovudemne: Kunst i samfunnet og Kunst- og kulturhistorie, der vi ivaretek kjerneelementa uttrykk og meining og kunst og kontekstt. Her introduserer vi òg enkel analyse av moderne og historiske verk.

Kunst i samfunnet

I dette hovudemnet deler vi innhaldet inn i:

Kunst- og kulturhistorie

Vi startar med eit innleiande delemne om kunst- og kulturomgrepet og ønsker å bevisstgjere elevane på korleis dei møter kunstuttrykk. Her bruker vi både ein kortfilm og ein podkastepisode som inngang til refleksjon og diskusjon. Vidare har vi delt innhaldet inn i ulike tidsepokar fram til 1600‑talet og arbeider med desse delemna:

Målet er å bruke kunst- og kulturhistoria som inspirasjon til eige skapande arbeid. Vi har derfor lagt vekt på oppgåver som både stimulerer til utforsking og til kreativt arbeid.

Podkastar

Vi har oppretta ein eigen podkastserie som vi har kalla KDA-podden. Denne kan vere eit utgangspunkt for refleksjon og diskusjon. Vi har laga forslag til korleis episodane kan brukast i klasserommet:

På tvers av fag

Programfaga til kunst, design og arkitektur er knytte tett saman. NDLA startar arbeidet med å utvikle læringsressursar til design og arkitektur 1 og design og arkitektur 2 frå hausten 2026.

La gjerne elevane jobbe med problemstillingar dei kan finne svar på ved å bruke ressursar frå fleire fag. NDLA har samla fleire slike problemstillingar og casar i eit eige fag: Tverrfaglege tema.

Støtte til læringsarbeid og planlegging

Metodane og tilnærmingane som er beskrivne i overordna del, gjeld alle fag, og det har vi i NDLA teke på alvor. Vi har derfor laga eit eige "fag" som vi kallar Verktøykassa. Der ligg det ressursar for elevar, som kan vere nyttige i læringsarbeidet, og ressursar for lærarar, som kan komme godt med når undervisninga skal planleggast.

Hjartemerking av læringsressursar

Organiser fagstoffet på din eigen måte på Min NDLA ved å lage eigne samlingar av enkeltressursar som til dømes videoar, bilete, fagartiklar og oppgåver. Då må du først logge inn med Feide-brukaren din. Ved å klikke på hjarteikonet ved sida av ein ressurs, kan du favorittmerke han og legge han til i ditt eige mappesystem. Du kan òg opprette emneknaggar for å samle innhald med felles tema.

Fleire kan samarbeide og dele ressursar. Ressurssamlingar kan òg delast vidare som undervisningsopplegg til elevane.

Innspel og dialog

Vi ønsker dialog med brukarane våre! Kom gjerne med innspel ved å skrive ein e-post til fagansvarleg: ingersporaland@ndla.no eller ved å legge inn eit innlegg i Arenaen.

Arenaen

Ved å logge deg inn på Min NDLA kan du delta i Arenaen. Dette er en digital møteplass for lærarar som vil samarbeide med kollegaer på tvers av skolar og fagfelt. Under HDP, FBIE og KDA har vi oppretta ein eigen kategori for Kunst, design og arkitektur. Vi håpar de vil ta Arenaen i bruk, inspirere kvarandre, dele erfaringar og diskutere faglege spørsmål.

Skrive av Inger Gilje Sporaland og Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 05.06.2025