Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video
Podkast

I møte med kunst

Har du opplevd at kunst kan treffe kjenslene dine? Vi kan bli fascinerte, finne inspirasjon eller trøyst og ro, men òg bli provoserte av eit kunstverk. Diskuter, sjå ein kortfilm, og lytt til ein podkast om møte med kunst. Ha idémyldring om korleis de kan uttrykke noko om eit samfunnsaktuelt tema.

Til læraren

Vi har prøvd heile opplegget saman med elevar i ei økt på fire skuletimar, men filmen og podkasten kan òg brukast kvar for seg.

Oppgåvene kan vere ein inngang til eit kunstprosjekt. Dei kan òg brukast i forkant av utstillingsbesøk. Då kan de bruke tematikk frå utstillinga som utgangspunkt for diskusjonen i del 4.

Vi har valt å bruke det samiske verket som blir omtalt i podkasten:
Pile o´Sápmi Supreme av Máret Ánne Sara (2017) som ein del av oppgåva.
I tillegg kan det vere aktuelt å vise fram to andre samtidskunstnarar som blir nemnde:

Del 1: Tenk over og diskuter

  1. Tenk over korleis du møter kunst.

  2. Diskuter med ein medelev korleis kunst kan ta opp og uttrykke samfunnsaktuelle tema.

Del 2: Sjå ein kort film om temaet

I filmen under (lengde 4:40) får du tips til korleis du kan få meir ut av kunstopplevingar.

Video: Leidar / Avgrensa gjenbruk

Diskuter i par

  1. Fekk de nokre nye tankar om korleis de møter kunst, etter å ha sett filmen?

  2. Kva slags kunstuttrykk møter de i filmen?

  3. Påverkar den bakgrunnskunnskapen de får i filmen, korleis de opplever bileta som blir viste?

Del 3: Lytt til og jobb med innhaldet i ein podkast

Du skal snart høyre podkasten Møte med kunst, men først skal du førebu deg litt.

Kven møter vi i podkasten?

Christian Scharning

Gjesten i podkasten er regissør av NRK-serien Kunstnerliv. Gjennom dette arbeidet har han fått møte interessante kunstnarar. Serien gir oss innblikk i korleis livet har sett sine spor i arbeida deira, og kva for førebilete dei har.

Oda Weider-Krog

Programleiaren i podkasten vår heiter Oda Weider-Krog. Ho jobbar til vanleg som programleiar for podkasten Familieliv. I tillegg er ho forfattar, konferansier og ein engasjert samfunnsdebattant.

Pile o´Sápmi Supreme

I podkasten beskriv Christian Scharning mellom anna ein installasjon som er kalla Pile o´Sápmi Supreme av Máret Ánne Sara (2017). Før du høyrer historia bak installasjonen, som heng i Nasjonalmuseet, kan du sjå på biletet under og notere:

  • Kva er førsteinntrykket ditt av verket?

  • Kva assosiasjonar får du?

Lytt og noter

  1. Lytt til podkasten Møte med kunst og noter viktige nøkkelord.

  2. Christian Scharning seier mellom anna at kunst kan vere ein spegel på det å vere menneske. Legg merke til korleis han forklarer dette, og kva døme han gir.

  3. Noter òg kva slags haldning Christian og Oda oppmodar deg til å ha når du møter kunst, og når du skal skape kunst sjølv.

KDA-podden

Møte med kunst

Kan kunst vere ein spegel på kva det vil seie å vere menneske? Oda Weider-Krog har besøk av Christian Scharning, som er regissør av NRK-serien "Kunstnerliv". Dei diskuterer korleis du kan kommunisere ...

0:00
-0:00
Podkast: Moderne Media / CC BY-SA 4.0

Samanfatt

Samanfatt det innhaldet du synest er viktigast i podkasten. Bruk notata du skreiv undervegs, som utgangspunkt.

Historia bak Pile o´Sápmi Supreme

Christian Scharning beskriv opplevinga si av installasjonen Pile o´Sápmi Supreme av Máret Ánne Sara (2017) i podkasten (6:16–7:55). Du kan studere installasjonen nærare i filmen frå Nasjonalmuseets utstilling under (lengde 1:55).

  • Korleis påverkar historia bak, opplevinga di av verket?

  • Forandra ho seg i forhold til førsteinntrykket? I så fall korleis?

  • Kva fortel verket om samiske forhold i Noreg?

Del 4: Gruppearbeid

Filmen i del 2 viser nokre samfunnsengasjerte kunstnarar, og podkasten i del 3 oppmodar dykk til å finne noko som engasjerer dykk.

  • Gå saman i grupper på tre–fire elevar og lag eit tankekart over positive og negative ting som skjer i samfunnet no. Her kan de både tenke på eit personleg plan eller på internasjonalt, nasjonalt eller lokalt nivå.

  • Korleis påverkar desse tinga dykk?
    Er det noko som gjer dykk glade, opprørte eller sinte, eller som rører dykk på ein annan måte?

  • Kunsten kan gi oss eit språk som vi manglar ord for. Vel eit tema som de reagerer på. Ha ei idémyldring om korleis de kan uttrykke noko om dette gjennom kunst.

  • Vel den idéen gruppa liker best, og presenter konseptet for klassen.

Relatert innhald

Skrive av Inger Gilje Sporaland og Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 20.05.2025