Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Ahmed Umar

Ahmed Umar er ein norsk-sudansk kunstnar som arbeider med ulike materiale og uttrykksformer. Han bruker kunsten til å utforske og uttrykke identitet og politiske tema. Her får du møte han på utstillinga In God's hands og når han fortel om klesdrakta si, som viser fleirkulturell tilhøyrsel.

Filmar om Ahmed Umar

Laga for hand

Nasjonalmuseet laga filmen under (lengde 2:48) til ein presentasjon av kunsthandverk.

In God's hands – I Guds hender

Ahmed Umar flykta frå Sudan på grunn av legningen sin. No vil han bruke kunst til å skape endring i heimlandet. I filmen under (lengde 8:18) møter vi han på utstillinga In God's hands på Hå gamle prestegard på Jæren i 2021. Her stilte han ut The Revolutionary Women of Sudan – The Kandakas, som betyr "Dei revolusjonære kvinnene i Sudan – Kandakaene". Her bruker han portrett til å få fram korleis kvinner har kjempa og bidrege til samfunnet i Sudan.

Han viser òg fram skulpturar frå Glowing Phalanges: Prayer Beads, som betyr "Glødande fingerledd: bønneperler". Desse skulpturane er laga av materiale frå afrikanske suvenirar. Han bruker bønneperler som eit symbol og reflekterer over religiøs og kulturell tilhøyrsel.

Video: Ahmed Umar / CC BY-NC-ND 4.0

Tenk over og diskuter

  1. Korleis tek Ahmed Umar opp samfunnsaktuelle tema gjennom ulike kunstuttrykk?

  2. Umar har eit medvitent forhold til materiala han bruker i skulpturane sine. Kva formidlar han gjennom å skape afrikanske suvenirar om til personlege og historier?

Drakt og identitet

I filmen under (lengde 5:14) fortel Ahmed Umar om korleis han har designa si eiga drakt. Han ønskte å vise tilhøyrsel til både norsk og sudansk kultur. Samtidig var det viktig for han å vise respekt for handverket og tradisjonane.

Ahmed Umar sameiner norske og sudanske tradisjonar i klesdrakta si. Video: Filmkonsulentene / CC BY-ND 4.0

Tenk over

I filmen Drakt og identitet seier Ahmed Umar at klede kan uttrykke alt frå opprør til fred.

  1. Kva uttrykker du gjennom klesstilen din?

  2. Har du nokre plagg eller smykke som har ein bodskap eller ein symbolverdi?

Fordjuping

Du kan lære meir om Ahmed Umar og kunsten hans i ein episode av serien Kunstnarliv på NRK (lengde 39:55). Her møter du han saman med venn og mentor Lotte Konow Lund. Vi får mellom anna følge litt av prosessen hans med å skape dei 33 skulpturane som inngår i Glowing Phalanges: Prayer Beads.

Tenk over

  1. Korleis bruker Ahmed Umar erfaringane frå sitt eige liv inn i kunsten?

  2. Korleis inspirerer Lotte Konow Lund han?

Relatert innhald

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 24.03.2025