Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Forslag til tema i årsplanen for kunst og visuelle verkemiddel vg1

Når de skal planlegge skuleåret for kunst og visuelle verkemiddel vg1, kan de ha nytte av forslaga våre til tema i årsplanen. Her får de tips til korleis emne kan strukturerast, og korleis de kan bruke aktuelt fagstoff på NDLA.

Forslaga våre kan tilpassast skulen og elevane dine

Det er mange måtar å nå eit mål på, og det ligg i eigenarten til faget at vinklinga av innhaldet kan variere frå skuleår til skuleår. Vi har derfor valt å introdusere emne og forslag til ressursar de kan bruke, framfor å lage ein tradisjonell årsplan disponert med vekenummer.

I kolonnen Ressursar finn du lenker som fører deg til emne, fagartiklar, oppgåver og arbeidsoppdrag på ndla.no. Ressursane er universelt utforma og ligg føre både på bokmål og nynorsk.

Vi har lagt inn kompetansemål og har forankra innhaldet i den overordna delen av læreplanen. I tillegg har vi oppretta ein eigen kolonne med fagord det er naturleg å lære å bruke i arbeidet med ulike tema.

Årsplanen

Vi håper planen kan vere til inspirasjon! Last han gjerne ned, og tilpass planen til elevgruppa di.

Verktøykassen

NDLA har laga tverrfaglege ressursar som kan vere nyttige ved skulestart og gjennom heile året. Ei av dei tverrfaglege ressurssamlingane er Verktøykassen. Her finn de mange fagartiklar og oppgåver som kan bidra til ein god skulestart og til eit trygt og utviklande skulemiljø. De finn òg mange andre gode tips og råd her.


Tverrfagleg samarbeid

Både programfag og fellesfag har kompetansemål som gjer det mogleg å samarbeide om ulike prosjekt i løpet av året. Lag gjerne nokre prosjekt som de kan gjennomføre i fleire fag.

Lykke til med organiseringa av skuleåret!

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 05.06.2025