Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Podkast
Interaktivt innhald

Opphavsrett til visuelle verk

Kva rettar har du når du skaper visuelle verk, og har du lov å bruke kunst andre har laga, i ditt eige arbeid? Veronika Lundqvist er ekspert på opphavsrett og hjelper oss til å forstå kva som ligg i lovverket.

Poddkast

KDA-podden

Opphavsrett til visuelle verk

Har du høyrt om BONO og korleis dei arbeider med opphavsrett på vegner av kunstnarar? Oda Weider-Krog har besøk av Veronika Lundqvist frå BONO. Dei diskuterer ulike problemstillingar rundt opphavsrett...

0:00
-0:00
Podkast: Moderne Media / CC BY-SA 4.0

Kven møter vi i poddkasten?

Veronika Lundqvist

Veronika Lundqvist jobbar som juridisk rådgivar i BONO, ein organisasjon som skal ta vare på opphavsretten til visuelle verk. Dei representerer over 150 000 norske og utanlandske kunstnarar.

Oda Weider-Krog

Programleiaren i podkasten vår heiter Oda Weider-Krog. Ho jobbar til vanleg som programleiar for podkasten Familieliv. I tillegg er ho forfattar, konferansier og ein engasjert samfunnsdebattant.


Del 1: Lytt og samanfatt

Du kan skrive i H5P-en under.

  1. Lytt til podkasten og noter viktige nøkkelord.

  2. Samanfatt det innhaldet du synest er viktigast. Bruk stikkorda du skreiv undervegs, som utgangspunkt.

  3. Forklar fagomgrepa:

    • opphavsrett

    • åndsverk

    • åndsinnsats

    • eksemplarframstilling

Del 2: Diskuter

  1. Kva rettar har dykk når de skaper visuelle verk?

  2. Korleis påverkar opphavsretten korleis de kan bruke eller bygge vidare på verk frå andre?

  3. Korleis opplever de balansen mellom delingskultur og det å kunne leve av å skape visuelle uttrykk?

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 07.11.2024