Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Podkast

Kunst, KI og skapande prosessar

Kunstig intelligens (KI) kan vere eit verktøy. I denne oppgåva skal de lytte til ein podkast og diskutere kva moglegheiter og utfordringar KI kan gi i skapande prosessar.

Del 1: Lytt til ein podkast

Kven møter vi podkasten?

Tore Andre Ringvold

Gjesten i podkasten er universitetslektor ved OsloMet. Han har mellom anna forska på korleis teknologi speler ei rolle i skapande læringsprosessar, og har sett spesielt på kunstig intelligens (KI) og tekst-til-bilete-generering.

Oda Weider-Krog

Programleiaren i podkasten vår heiter Oda Weider-Krog. Ho jobbar til vanleg som programleiar for podkasten Familieliv. I tillegg er ho forfattar, konferansier og ein engasjert samfunnsdebattant.

KDA-elevar ved Vågen videregående skole

I slutten av podkasten får du høyre kva nokre KDA-elevar tenker om bruk av KI i skapande prosessar.

Noter mens du lyttar

Lytt til samtalen mellom Oda og Tore Andre og mellom Oda og KDA-elevane frå Vågen vgs. Noter viktige nøkkelord og legg spesielt merke til:

  1. Kva moglegheiter kan KI gi i skapande prosessar?

  2. Kva utfordringar kan vi få når KI er ein del av den skapande prosessen?

KDA-podden

Kunst, KI og skapande prosessar

Oda Weider-Krog har besøk av Tore Andre Ringvold frå OsloMet. Dei diskuterer kunst, KI og skapande prosessar. Vi høyrer òg kva nokre KDA-elevar tenker om dette.

0:00
-0:00
Podkast: Moderne Media / CC BY-SA 4.0

Del 2: Diskuter innhaldet i podkasten

Sitt saman i grupper på tre til fire elevar og diskuter:

  1. Kva sit de igjen med etter å ha lytta til podkasten?

  2. Kva moglegheiter kan KI gi i skapande prosessar?

  3. Kva utfordringar kan vi få når KI er ein del av den skapande prosessen?

  4. Korleis kan det vere relevant for dykk å bruke KI i arbeidet dykkar?

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 22.05.2025