Den femte barnesjukdommen

Kva er den femte barnesjukdommen?
Den femte barnesjukdommen (erythema infectiosum) er ein smittsam virusinfeksjon. Det er vanleg at det oppstår mindre utbrot i barnehagar og på skular om vinteren eller våren, gjerne kvart 3.–5. år. Sjukdommen har vanlegvis eit mildt forløp og går over av seg sjølv. Dei som har hatt sjukdommen, utviklar antistoff som varer livet ut.
Symptom
Det tek vanlegvis éi til to veker frå ein person blir smitta til dei første symptoma viser seg. Sjukdomsforløpet går ofte føre seg i to fasar over 1–3 veker med ein sjukdomsfri periode imellom. Nokon kan ha så milde symptom at dei knapt merkar infeksjonen, mens vaksne ofte får fleire plager enn barn.
Den første fasen: allmenne plager
Dei første symptoma startar cirka ei veke etter smitte og varer i 2–3 dagar. I denne perioden får ein gjerne lett feber, hovudverk, sår hals og magesmerter. Vaksne opplever ofte leddsmerter og kløe i denne fasen. Etter desse første dagane følger ein sjukdomsfri periode på 7–10 dagar før utslettet dukkar opp.
Den andre fasen: raudt og karakteristisk utslett
I den andre fasen oppstår eit typisk raudt og samanflytande utslett i ansiktet, spesielt i kinna. Etter 1–2 dagar spreier eit småprikkete utslett seg til skuldrene, overarmane, kroppen og låra. Utslettet bleiknar etter kvart og dannar eit marmorliknande mønster i huda. Det kan komme og gå i nokre veker og kan klø, særleg hos vaksne. I tillegg til utslettet er det vanleg å vere bleik rundt munnen og ha lett feber.
Årsaker
Den femte barnesjukdommen kjem av parvoviruset, og det er svært smittsamt. Viruset smittar gjennom dropar mellom personar, til dømes ved hoste eller nærkontakt. Det er størst risiko for å smitte andre éi veke før utslettet bryt ut. Når utsletta først er synleg i ansiktet, reknar ein ikkje lenger personen som smittefarleg.
Diagnose
Legen stiller ofte diagnosen ut frå det typiske utslettet i kinna. Tidleg i forløpet kan det vere vanskeleg å skilje sjukdommen frå meslingar eller raude hundar fordi symptoma liknar. Dersom legen er usikker, kan hen påvise viruset ved hjelp av laboratorieprøver frå blodet eller svelget.
Komplikasjonar
Sjukdommen er vanlegvis ufarleg, men infeksjon hos gravide kan i sjeldne tilfelle føre til fosterdød eller alvorleg sjukdom hos fosteret. Personar med svekt immunforsvar kan òg oppleve eit meir langvarig sjukdomsforløp.
Behandling
Det finst inga behandling mot sjølve parvoviruset, og infeksjonen går over av seg sjølv. For å lindre plager som feber eller kløe kan ein bruke febernedsetjande eller kløestillande middel.
Eit smitta barn kan gå tilbake til barnehage eller skule når det har god allmenntilstand, sjølv om utslettet framleis er synleg.
Utfordringar til deg
1. Kva virus kjem den femte barnesjukdommen av?
2. Kva andre barnesjukdommar kan den femte barnesjukdommen likne på?
3. Kva kjenneteiknar utslettet ved den femte barnesjukdommen?