Vasskoppar

Kva er vasskoppar?
Vasskoppar (varicella) er ein vanleg og svært smittsam virusinfeksjon. Det finst ingen vaksine mot sjukdommen i det ordinære barnevaksinasjonsprogrammet i Noreg. I dag er det vanleg at sjukdommen opptrer i utbrot gjennom heile året, spesielt i barnehagar og på skular. Den rammar i hovudsak barn i småbarnsalderen, men eldre barn og vaksne kan òg bli smitta. Dei som har hatt vasskoppar, utviklar livslang immunitet.
Symptom
Det går vanlegvis 8–21 dagar frå barnet blir smitta til sjukdommen bryt ut. Symptoma varierer i alvorsgrad frå person til person. Nokre barn får høg feber, nedsett allmenntilstand og utslett over heile kroppen, mens andre berre får nokre få prikkar og lite ubehag. Som regel kjenner vi igjen sjukdommen på det typiske utslettet, som ofte startar som små raude prikkar før det utviklar seg til væskefylte blemmer.
Sett ned allmenntilstand og feber
Nedsett allmenntilstand er ofte det aller første teiknet på at noko er i gjerde. I 1–2 dagar før utslettet kjem, kan barnet verke slapt, vere irritabelt og ha dårleg matlyst.
Etter den første fasen med slappheit får barnet gjerne feber. Feberen kjem vanlegvis rett før eller samtidig som dei første prikkane viser seg.
Utslett
Utslettet oppstår som regel 1–2 dagar etter at barnet har fått feber og har ei typisk utvikling:
Det startar som små raude prikkar, ofte på overkroppen, i ansiktet og i hovudbotnen. Barnet kan også få sår på slimhinnene, til dømes i munnen.
Prikkane utviklar seg raskt til kløande blemmer med klart innhald (vesiklar).
Etter kvart sprekk blemmene og tørkar inn til skorper. Denne prosessen tek cirka 5 dagar.
Utslettet kjem gjerne i fleire omgangar. Derfor kan barnet ha både raude prikkar, væskefylte blemmer og tørre skorper på kroppen samtidig.
Årsaker
Vasskoppar kjem av varicella-zoster-viruset, som tilhøyrer herpesvirusfamilien. Viruset smittar ekstremt lett, og barn spreier derfor ofte smitten gjennom nærkontakt i barnehagar og på skular. Viruset smittar hovudsakleg gjennom lufta som dropesmitte når ein hostar eller nys, men ein kan også få viruset ved direkte kontakt med væska frå blemmene.
Barnet smittar andre allereie frå to dagar før utslettet viser seg, og fram til alle blemmene har tørka inn til skorper. Sidan ein er mest smittsam før dei første sjukdomsteikna bryt ut, er det i praksis svært vanskeleg å stoppe smittespreiing i ei barnegruppe.
Diagnose
Legen kjenner som regel igjen vasskoppar berre ved å sjå på det typiske utslettet og høyre om korleis sjukdommen starta. Derfor treng legen sjeldan å ta prøver eller gjere andre undersøkingar for å vere sikker på diagnosen.
Komplikasjonar
Hos friske barn har vasskoppar vanlegvis eit forløp utan komplikasjonar. Sidan det er vanskeleg å unngå å klø på utslettet, kan barnet få arr i huda etter kløing.
Under graviditet kan vasskoppar føre til komplikasjonar for både mor og foster dersom mor ikkje har hatt vasskoppar før. Dersom den gravide blir smitta rett før fødselen, kan barnet bli fødd med vasskoppar.
Varicella-zoster-viruset blir liggande i dvale (latent) i kroppen resten av livet etter at ein har hatt sjukdommen. Hos nokon kan viruset vakne til liv igjen seinare. Dette skjer ofte på grunn av høg alder, sjukdom eller bruk av medisinar som svekker immunforsvaret. Då utviklar ein sjukdommen helveteseld (herpes zoster). Helveteseld gir eit raudt utslett med små blemmer som klør og gir brennande smerter. Smertene varierer frå person til person, men er vanlegvis sterke. Det finst vaksine mot helveteseld, men vaksinen inngår ikkje i barnevaksinasjonsprogrammet i Noreg.
Behandling
Vasskoppar går normalt over av seg sjølv utan medisinar mot sjølve viruset. Det er ikkje nødvendig med medisinar til barn og unge som elles er friske. Behandlinga handlar derfor først og fremst om å lindre symptom som feber, smerter og kløe.
Nokre grupper treng likevel spesiell oppfølging. Personar med nedsett immunforsvar kan få medisinar som hemmar viruset og forkortar sjukdomsforløpet. Legar tilrår også vaksine til gravide og personar med underliggande sjukdommar dersom dei ikkje har hatt vasskoppar tidlegare.
Feber- og smertelindring
Det er tilrådd å bruke paracetamol som febernedsetjande og smertelindrande middel. Legemiddel som inneheld verkestoffet ibuprofen skal aldri brukast ved vasskoppar. I sjeldne tilfelle kan det auke risikoen for alvorlege, livstruande bakterieinfeksjonar i hud og vev.
Kløe
Det finst fleire ulike reseptfrie middel som dempar kløe, og som kan verke både lindrande og kjølande på huda.
Generelle råd
Hald fingerneglene korte for å unngå kloring på utslett, spesielt om natta.
Hald romtemperaturen låg. Kløen kan bli verre viss barnet er sveitt og klamt.
Korte dusjar med mild såpe irriterer huda mindre enn lange, varme bad.
Barnet må vere heime frå skule og barnehage til det er feberfritt og alle dei væskefylte blemmene har tørka inn til skorper. Vasskoppar smittar heilt fram til blemmene er tørre, noko som vanlegvis tek 5–7 dagar.
Utfordringar til deg
Kvifor skal ein ikkje bruke legemiddel med verkestoffet ibuprofen ved vasskoppar?
Kva er årsaka til at helveteseld kan oppstå fleire år etter at ein person har hatt vasskoppar?
Beskriv korleis utslettet ved vasskoppar utviklar seg, og forklar korleis legen bruker dette til å stille diagnosen.