Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Dei mest kjende barnesjukdommane

Barnesjukdommar er smittsame sjukdommar som vanlegvis rammar barn, men vaksne kan òg bli smitta. I denne filmen (lengde 7:49) blir vi med Viola på 3 år til undersøking hos fastlegen Yasir Manzoor. Han fortel om symptoma på dei mest kjende barnesjukdommane. Sjå filmen før du gjer oppgåvene.
Video: Leidar / Avgrensa gjenbruk

Utfordringar til deg

  1. Kva barnesjukdommar har du sjølv, eller nokon du kjenner, hatt?

  2. Kvifor kan det vere vanskeleg å skilje mellom dei ulike barnesjukdommane?

  3. Kvifor er det viktig å skilje mellom ein bakteriell infeksjon og ein virusinfeksjon?

  4. Kva betyr inkubasjonstid?

  5. Kvifor får vi vanlegvis ikkje same barnesjukdom meir enn ein gong?

Skrive av Vigdis Haugan og Siv Stai.
Sist oppdatert 01.06.2026