Hand-, fot- og munnsjukdom

Kva er hand-, fot- og munnsjukdom?
Hand-, fot- og munnsjukdom (enteroviral vesicular stomatitis) er ein smittsam virusinfeksjon. Det finst inga vaksine mot denne sjukdommen. Det er vanleg at det oppstår mindre utbrot av sjukdommen om sommaren og hausten i barnehagar og på skular. Han rammar i hovudsak barn under 10 år, men eldre barn og vaksne kan også bli smitta. Dei som får sjukdommen, utviklar immunitet som varer livet ut.
Sjukdommen må ikkje forvekslast med munn- og klauvsjuke, som rammar klauvdyr og svært sjeldan menneske.
Symptom
Det tek vanlegvis cirka ei veke frå ein person blir smitta til sjukdommen bryt ut. Sjukdommen startar ofte med lett feber, nedsett allmenntilstand og dårleg matlyst. Kort tid etterpå får ein gjerne smerter i munnen og svelget.
I munnen utviklar det seg eit raudt utslett med runde, væskefylte blemmer som kan gjere det vanskeleg å ete og drikke. Samtidig dukkar det opp blemmer inne i hendene og under fotsolane, typisk langs kanten. Blemmene blir mellom 1 og 5 mm store, og utslettet varer vanlegvis i cirka sju dagar.
Årsaker
Sjukdommen kjem av coxsackieviruset, og det er svært smittsamt. Ein blir hovudsakleg smitta gjennom direkte kontakt med nase- og halssekret, til dømes dersom barn deler flasker eller smokk. Det er størst risiko for å smitte andre rett før symptoma oppstår.
Kroppen kan skilje ut viruset i avføringa i 4–6 veker. Viruset kan då overførast fekal-oralt, som betyr at smitte skjer frå avføring til munn ved dårleg handhygiene etter toalettbesøk eller bleieskift.
Diagnose
Legen kan vanlegvis stille diagnosen ut frå symptoma og kunnskap om smitte i nærmiljøet. Det er mogleg å påvise viruset ved hjelp av laboratorieprøver frå avføring, hals eller blemmer, men dette blir sjeldan gjort. Tidleg i forløpet kan det vere vanskeleg å skilje sjukdommen frå vasskoppar og herpes simplex fordi symptoma er like.
Komplikasjonar
Hand-, fot- og munnsjukdom gir svært sjeldan komplikasjonar. Coxsackieviruset kan i nokre tilfelle føre til meir alvorleg sjukdom, som betennelse i hjernehinnene (serøs meningitt), hjernebetennelse (encefalitt) og lammingar (paralytiske sjukdommar).
Behandling
Det finst inga behandling mot sjølve coxsackieviruset, og infeksjonen går over av seg sjølv. Sidan blemmene i munnen kan gjere det vondt å ete og drikke, er det viktig å sørge for at barnet får i seg nok væske, gjerne kald drikke eller is. Det er viktig å få i seg rikeleg med væske for å hindre dehydrering.For å lindre plager som feber og smerte kan ein bruke febernedsetjande og smertestillande middel ved behov.
Barnet kan gå i barnehagen når det er feberfritt og har god allmenntilstand, sjølv om utslettet framleis er synleg. Ved utbrot i barnehagar eller skular bør ein vaske leiker og stellebord grundig og sørge for god handhygiene.
Utfordringar til deg
Kvifor er det først og fremst små barn som får hand-, fot og munnsjukdom?
Korleis smittar hand-, fot- og munnsjukdom?
Kva for nokre andre sjukdommar kan hand-, fot- og munnsjukdom ha likskapar med?