Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Skarlagensfeber

Skarlagensfeber er ein smittsam bakteriell infeksjon som oftast rammer barn og unge i alderen 5–15 år. Sjukdommen gir feber, sår hals, raud tunge og utslett. Behandling med antibiotika førebygger komplikasjonar og gjer at ein blir frisk etter ei veke, men huda kan flasse i fleire veker.

Kva er skarlagensfeber?

Skarlagensfeber (scarlatina) er ein smittsam bakterieinfeksjon. Før vi hadde tilgang på antibiotika, var skarlagensfeber ein svært frykta sjukdom og ei vanleg dødsårsak i Noreg. I dag er dødelegheita svært låg takka vere betre hygiene og levekår og effektiv behandling.

Det finst ingen vaksine mot skarlagensfeber, og sjukdommen rammar derfor framleis barn og ungdom i alderen 515 år med jamne mellomrom. Dei som har hatt skarlagensfeber, utviklar vanlegvis livslang immunitet.

Symptom

Det tek vanlegvis to til fire dagar frå ein person blir smitta til sjukdommen bryt ut. Dei første symptoma på skarlagensfeber liknar ofte på andre halsinfeksjonar som er forårsaka av streptokokk-A, før det typiske utslettet og bringebærtunga blir utvikla.

Dei første symptoma: feber og plager frå fleire delar av kroppen

Sjukdommen startar som regel med akutt feber på 3839 grader, sterke halssmerter og hovne mandlar med eit kvitt eller gult belegg. Betennelsen gjer det smertefullt å svelge. Mange opplever også hovudverk, kvalme og oppkast, og det er ein reaksjon på giftstoffa (toksina) som bakteriane produserer. Slimhinnene i munnen og svelget kan få ein kraftig raud farge, og tidleg i forløpet har tunga gjerne eit kvitt belegg.

Etter 1–2 døgn: sandpapiraktig utslett

Giftstoffa frå bakteriane skader dei små blodkara i huda og slimhinnene slik at utslettet bryt ut. Det startar ofte på brystet og magen før det spreier seg til resten av kroppen i løpet av to døgn. Utslettet består av mange små, raude prikkar som kjennest ut som sandpapir når ein tek på dei. Etter kvart kan prikkane flyte saman.

Ansiktet kan bli blussande raudt, men huda rundt munnen held fram med å vere bleik. Utslettet samlar seg ofte i lysken og øvst på innsida av låra, og det kan vise seg som små, punktforma blødingar i olbogekrokane og knehasane. Utslettet kan også spreie seg til hender og føter.

Etter nokre døgn: bringebærtunge og flassing

Når det kvite belegget på tunga forsvinn, blir ho sterkt raud med små utstikkande prikkar (papillar). Denne tilstanden kallar vi bringebærtunge.

Utslettet forsvinn vanlegvis etter tre til fire dagar. I vekene etter at ein har vore sjuk, er det vanleg at huda flassar av i små flak (hudavskaling). Dette er spesielt synleg i handflatene og under føtene.

Årsaker

Sjukdommen kjem av gruppe A-streptokokkar. Bakteriane smittar gjennom dropesmitte og direkte kontakt når ein hostar, nys eller snakkar, eller ved kontakt med sår. Det tek vanlegvis to til fire dagar frå ein blir smitta til sjukdommen bryt ut.

Smitta personar kan føre smitten vidare frå sjukdommen bryt ut og i cirka ei veke etterpå. Dersom pasienten får behandling med antibiotika, reknar vi personen som smittefri allereie etter eitt døgn. Bakteriane er svært smittsame i tette miljø som barnehagar og skular.

Diagnose

Legen stiller diagnosen på bakgrunn av symptoma og dei kliniske funna ved undersøkinga. For å stadfeste at det er ein infeksjon med gruppe A-streptokokkar, tek legen ofte ein hurtigtest med ei penselsprøve frå halsen.

Komplikasjonar

Sidan antibiotika er ei effektiv behandling mot skarlagensfeber, er komplikasjonar sjeldne. Dersom sjukdommen ikkje blir behandla, kan han likevel føre til andre helseplager. Mens ein er sjuk, kan ein mellom anna få øyrebetennelse, biholebetennelse eller halsbyll. I svært sjeldne tilfelle kan infeksjonen spreie seg og gi blodforgifting (sepsis) eller hjernehinnebetennelse (meningitt).

I vekene etterpå kan det oppstå komplikasjonar som nyrebetennelse eller revmatisk feber. Revmatisk feber kan gi skade på hjarte, ledd og nervesystem.

Behandling

Legen føreskriv antibiotika for å få bukt med infeksjonen og førebygge komplikasjonar. Barn må vere heime frå barnehage eller skule til dei har fått antibiotikabehandling i minst eitt døgn. I tillegg må barna vere feberfrie og ha god allmenntilstand. Ofte vil allmenntilstanden tilseie at barnet treng lengre fråvær.

For å hindre smittespreiing i barnehagar og skular bør ein setje i gang smitteverntiltak utover den vanlege reingjeringa:

  • La barna vere mykje ute.

  • Vask leiker og kontaktoverflater dagleg.

  • Bruk eingongshandkle etter handvask for å hindre at smitte spreier seg via felles tekstilar.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er ikkje skarlagensfeber lengre ei vanleg dødsårsak i Noreg?

  2. Kvifor skal ein behandle skarlagensfeber med antibiotika?

  3. Korleis smittar skarlagensfeber?

Kjelder

Folkehelseinstituttet. (2025, 9. juli). Streptokokkgruppe A-infeksjon veileder for helsepersonell. Smittevernhåndboka. https://www.fhi.no/sm/smittevernhandboka/sykdommer-a-a/streptokokk-gruppe-a-infeksjon/

Legevakthåndboken. (2024, 10. april). Skarlagensfeber. Symptomer og sykdommer.
https://www.lvh.no/symptomer-og-sykdommer/infeksjoner-9c/skarlagensfeber#33c8e3bb-c48d-4159-b122-ff91624c612e

Norsk helseinformatikk. (2024, 17. juli). Skarlagensfeber.
https://nhi.no/sykdommer/barn/infeksjoner/skarlagensfeber

Store norske leksikon. (2024, 25. november). Skarlagensfeber. Store medisinske leksikon.
https://sml.snl.no/skarlagensfeber

Skrive av Kathrine Synnøve Karlsen.
Sist oppdatert 16.04.2026