Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Kusma

Kusma er ein vanleg virusinfeksjon som oftast rammar barn mellom 5 og 7 år, men folk i alle aldrar kan bli smitta. Sjukdommen gir betennelse i øyrespyttkjertlane med feber og smertefull hevelse i kjakane. Han blir rekna som allmennfarleg fordi han kan gi alvorlege komplikasjonar.

Kva er kusma?

Kusma (parotisis epidemica) er ein svært smittsam virusinfeksjon. Sidan 1983 har vaksine mot kusma vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet gjennom MMR-vaksinen (meslingar, kusma og raude hundar), og sjukdommen er derfor sjeldan i Noreg i dag. Før vaksinen blei innført, var kusma ein vanleg barnesjukdom som kunne gi alvorlege komplikasjonar.

I dag rammar han i hovudsak uvaksinerte personar. I nokre få tilfelle kan vaksinerte få kusma, men det kan òg komme utbrot blant fullvaksinerte unge vaksne dersom det er lenge sidan siste vaksinedose. Dei som har hatt kusma, utviklar livslang immunitet.

Symptom

Det tek vanlegvis 1421 dagar frå ein person blir smitta til sjukdommen bryt ut. Det er ikkje alle som får symptom, og det gjeld spesielt små barn.

Influensaliknande symptom

Sjukdommen startar gjerne med uspesifikke plager som minner om influensa: hovudverk, moderat feber, muskelsmerter og ei generell sjukdomskjensle. I denne fasen kan ein òg begynne å merke ubehag når ein tygg og svelger.

Hevelse i spyttkjertlane

Etter eitt til to døgn oppstår den karakteristiske hevelsen i øyrespyttkjertlane (glandula parotis), som ligg framfor øyret og nedst langs kjeven. Hevelsen startar gjerne på den eine sida før han spreier seg til den andre sida, og i omtrent 80 % av tilfella blir han dobbeltsidig. Dette gir ansiktet ein karakteristisk utsjånad og gjer det svært smertefullt å gape, tygge og svelge.

Feberen kan stige igjen når hevelsen er på det kraftigaste. Etter omtrent ei veke begynner hevelsen å gå tilbake, og allmenntilstanden blir gradvis betre.

Årsaker

Sjukdommen kjem av parottviruset. Det smittar gjennom dropesmitte og direkte kontakt med spytt frå luftvegane når ein hostar, nys eller snakkar. Smittefaren startar vanlegvis to dagar før hevelsen i spyttkjertlane viser seg og varer i inntil fem dagar etter at han har oppstått. Viruset er svært smittsamt i tette miljø, og ein kan bli smitta sjølv om den sjuka ikkje har tydelege symptom.

Diagnose

Ved mistanke om kusma bør lege kontaktast. Andre vanlege virusinfeksjonar, som kyssesjuken (Epstein-Barr) og influensa, kan også gi betennelse i øyrespyttkjertelen. Sidan hevelse i spyttkjertlane også kan komme av slike virus eller blokkerte spyttkanalar, er det nødvendig med laboratoriestadfesting for å stille ein sikker diagnose.

Ved mistanke om kusma er det viktig å kontakte lege per telefon før ein møter opp for å unngå å smitte andre på venterommet. Legen tek vanlegvis ei penselsprøve frå munnhòla for å påvise viruset, i tillegg til ei blodprøve for å sjekke antistoff. I nokre tilfelle blir det også teke urinprøve.

Kusma er ein allmennfarleg smittsam sjukdom. Det betyr at styresmaktene ser på sjukdommen som ein trussel mot folkehelsa. Helsepersonell har meldeplikt ved mistanke om smitte, og dei må varsle kommuneoverlegen med ein gong. Viss prøvene stadfestar sjukdommen, skal legekontoret registrere tilfellet i Meldingssystemet for smittsame sjukdommar (MSIS).

Komplikasjonar

Sjukdommen rammar spesielt spyttkjertlane, men viruset kan også gi betennelse i andre organ.

Forplantningsorgana

Den vanlegaste komplikasjonen hos menn som har passert puberteten, er betennelse i testiklane (orkitt) og bitestikkelbetennelse (epididymitt). Det førekjem i omtrent
25 % av tilfella ved infeksjon etter puberteten og kan skade spermieproduksjonen. Det går over etter kvart, og varig sterilitet er uvanleg. Hos kvinner kan det oppstå betennelse i eggstokkane.

Nervesystemet og høyrselen

Symptom på hjernehinnebetennelse (viral meningitt) opptrer hos under 1–10 % av dei sjuke. Infeksjonen har vanlegvis eit godt forløp utan varige mén. Hjernebetennelse (encefalitt) er ein sjeldan komplikasjon, men er alvorleg og kan føre til lamming og parese (delvis eller fullstendig lamming).

Kusma kan også føre til forbigåande høyrselstap, som regel på det eine øret. I sjeldne tilfelle kan det føre til varig høyrselstap på eitt øre.

Bukspyttkjertelen

Betennelse i bukspyttkjertelen (pankreatitt) er ein annan mogleg komplikasjon som kan oppstå i samband med sjukdommen.

Behandling

Det finst inga behandling mot sjølve parottviruset, og infeksjonen går over av seg sjølv. Behandlinga går ut på å lindre plager som feber eller smerter i spyttkjertlane med kvile og febernedsetjande eller smertestillande middel ved behov. Sidan sjukdommen er definert som allmennfarleg, får pasientar dekte alle utgifter til undersøking, prøvetaking og behandling gjennom folketrygda.

Eit vaksinert barn kan vende tilbake til barnehage eller skule etter fem dagar etter at hevelsen i spyttkjertlane har oppstått, viss allmenntilstanden er god. Ved utbrot i barnehagar eller skular er det viktig med god handhygiene for å avgrense smitte.

Utfordringar til deg

1. Kvifor er ikkje kusma ein vanleg barnesjukdom i Noreg lenger?

2. Kva organ i kroppen kan bli ramma av ein kusmainfeksjon?

3. Kva komplikasjonar kan oppstå hos menn?

Kjelder

Folkehelseinstituttet. (2025, 20. mai). Kusma rettleiar for helsepersonell. Smittevernhandboka. Henta frå
https://www.fhi.no/sm/smittevernhandboka/sykdommer-a-a/kusma/#om-kusma

Skrive av Kathrine Synnøve Karlsen.
Sist oppdatert 08.04.2026