Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Interaktivt innhald

Teknologi og berekraft

Teknologi er viktig for at vi kan leve gode og behagelege liv, og det er både ei årsak til og ein konsekvens av globaliseringa. Men er teknologi løysinga når vi må leve meir berekraftig, eller er teknologi òg ein del av problemet?

Teknologi – kva er det eigentleg?

Når du høyrer ordet teknologi, tenker du kanskje på eit eller anna elektronisk, men ein spade og ein hammar er òg teknologi. Teknologi er konkrete reiskapar som kan hjelpe oss med å gjere noko enklare eller betre. Kunnskapen og dei aktivitetane og prosessane som ligg bak reiskapen, er òg ein del av teknologien.

Vi kan seie at sykkel er éin teknologi, men delane sykkelen består av, representerer òg ulike teknologiar. Bremsene, girsystemet, ramma og måten det heile er sett saman på, er alt saman teknologi. Eit anna døme på teknologi er glidelåsen, som gjer det enklare og betre å halde saman eit plagg. Teknologi kan både vere dei konkrete tinga og kunnskapen om dei.

Er teknologiutvikling løysinga?

Vi lever i ei verd som ikkje er berekraftig, og få nordmenn lever eit berekraftig liv. Skaper teknologi og teknologisk utvikling berre nye problem, eller er teknologi òg ein del av løysinga som kan bidra til å gjere liva våre meir berekraftige?

Teknologi som ein del av løysinga

Teknologi og teknologisk utvikling gjer at vi kan sykle til butikken eller fly over verdshava, leve lenge, ete god og fersk mat, sleppe mange kroppslege plager, ha lys og varme i husa våre og ha kontakt med venner og familie på den andre sida av kloden. I 1800 var den gjennomsnittlege levealderen i verda under 30 år, mens det i dag er over 70 år (Roser, 2018). Dette har vore mogleg takka vere teknologisk utvikling.

  • Moderne vass- og avløpssystem der vi skil drikkevatn og kloakk, er ein ganske enkel teknologi, men har mykje å seie for sjukdomsspreiing.

  • Elektrisitet og ulike elektriske apparat gir lys og varme i husa.

  • Kunstgjødsel gjer at kan vi produsere mykje meir mat på mindre område.

  • Antibiotika har bidrege til at eit lite kutt eller lungebetennelse ikkje lenger er særleg farleg.

  • Kjøleteknikk gjer at mat og medisinar kan oppbevarast lenger og bli frakta over lengre avstandar, og det bidreg til at vi kan ete variert og næringsrik mat heile året.

Teknologisk utvikling har utan tvil bidrege til å gjere liva våre betre og meir komfortable. Den sosiale og den økonomiske dimensjonen ved berekraft har hatt ei veldig positiv utvikling, mykje på grunn av teknologi.

Teknologisk utvikling speler òg ei viktig rolle når vi må skape ei grøn omstilling av samfunnet. Vi klarer å forme om energi frå elva og sola til elektrisk energi vi kan bruke til å varme huset eller lade bilen. Kunstig intelligens bidreg allereie til at kreftsvulstar blir tidlegare oppdaga (Helse Bergen). KI gjer òg kartlegging av nedbygd natur meir effektiv (Syverhuset & Setsaas, 2025). Sannsynlegvis kan KI bidra til å løyse fleire berekraftsutfordringar framover.

Baksida av teknologien

Teknologiutvikling gjer ting meir effektivt og tryggare. Samtidig fører nye teknologiar ofte med seg nye utfordringar. Bilen er eit godt døme.

Først hadde vi hest og kjerre, og i bygatene var hestemøkk eit vanleg syn. Fossilbilar løyste hestemøkkproblemet, men no fekk vi luftforureining og klimagassutslepp i staden. Elbilar løyste desse utfordringane, men elbilar er heller ikkje uproblematiske. Mange råstoff og mineral som blir brukte i elbilar, blir vunne ut under uverdige og farlege forhold for arbeidarane. Innføringa av elbilar i Noreg bidreg òg til at vi held fram med å køyre privatbil framfor å reise kollektivt, noko som ville vore meir miljøvennleg.

Rekyleffekten (rebound-effekten)

Med teknologisk utvikling kan produkt bli meir energieffektive, skape mindre utslepp og krevje mindre ressursbruk. Men ofte fører teknologisk utvikling òg til auka bruk, og dermed går mykje av det ein sparer på nye løysingar, bort i meir bruk av teknologien og høgare forbruk generelt. Dette kallar vi rekyleffekten (Santarius, 2012).

Utover 2000-talet vart fossilbilar meir drivstoffeffektive. Det gjorde bilkøyring billigare, og mange valde å køyre meir. Dermed enda ein opp med å bruke nesten like mykje energi. Dette kallar vi direkte rekyleffekt fordi den same aktiviteten, altså bilkøyring i dette tilfellet, aukar når han blir meir effektiv.

Sidan folk slapp å bruke like mykje pengar på drivstoff, fekk dei betre råd og kunne ta fly oftare. Når energieffektivisering på eitt område fører til meir energibruk på andre område, kallar vi det indirekte rekyleffekt.

Tenk over

Er du ein teknologioptimist eller meir pessimistisk? Trur du teknologien vil hjelpe samfunnet i ei meir berekraftig retning?

Synergiar eller målkonfliktar?

For at teknologi skal bidra til berekraftig utvikling, må vi skape flest mogleg synergieffektar og færrast mogleg målkonfliktar.

Synergiar eller synergieffektar er når vi gjennom samarbeid får til meir enn summen av delane. Vi kan seie at ved synergieffektar blir éin pluss éin meir enn to. I samanheng med berekraft vil det seie at noko som gir positiv effekt på eitt område, også har positiv effekt på eit anna. Til dømes bidreg appen "Too good to go" til at overskotsmat ikkje blir kasta, men at ein heller kan kjøpe han billig mot slutten av dagen. Dermed kan kaféar og restaurantar tene litt ekstra pengar, og matsvinnet blir redusert.

Målkonfliktar ("trade-offs") er når ei positiv utvikling på eitt område får ein negativ effekt på eit anna (Randers et al., 2018). Dette kan vi sjå på som det motsette av synergiar. Plastemballasje rundt frukt gjer at frukta held seg betre. Det bidreg til å redusere matsvinn. Men plastemballasje kan òg føre til plastforureining og at mikroplast hamnar i naturen. Dette er eit døme på ein målkonflikt: Plastemballasje er positivt for nokre berekraftsområde, men skaper utfordringar for andre.

Tenk over

Kva vil du seie om elsparkesyklar? Representerer dei ein målkonflikt eller positive synergieffektar? Eller kjem det an på korleis dei blir brukte?

Test deg sjølv

Kjelder

Helse Bergen. (2025, 10. desember). Kunstig intelligens finn kreft minst like godt som radiologar: – Dette kan endre diagnostikken. https://www.helse-bergen.no/nyheiter/kunstig-intelligens-finn-kreft-minst-like-godt-som-radiologar--dette-kan-endre-diagnostikken/

Randers, J., Rockström, J., Stoknes, P. E., Golüke, U., Collste, D. & Cornell, S. (2018, 17. oktober). Transformation is feasible: How to achieve the sustainable development goals within planetary boundaries. Stockholm Resilience Centre & Handelshøyskolen BI. https://www.stockholmresilience.org/download/18.51d83659166367a9a16353/1539675518425/Report_Achieving%20the%20Sustainable%20Development%20Goals_WEB.pdf

Roser, M. (2018, 8. oktober). Twice as long — life expectancy around the world. Our World in Data. https://ourworldindata.org/life-expectancy-globally

Santarius, T. (2012, oktober). Green growth unraveled: How rebound effects baffle sustainable targets when the economy keeps growing. Heinrich Boell Foundation & Wuppertal Institute for Climate, Environment and Energy. http://www.santarius.de/wp-content/uploads/2012/03/Green-Growth-Unraveled-2012.pdf

Syverhuset, A. & Setsaas, T. H. (2025, 1. oktober). Slik hjalp vi journalister med å avdekke naturtap i Europa. Norsk institutt for naturforskning. https://www.nina.no/Om-NINA/Aktuelt/Nyheter/article/slik-hjalp-vi-journalister-med-a-avdekke-naturtap-i-europa

Relatert innhald

Er teknologi løysinga?

I denne oppgåva skal du høyre ein podkast om teknologi og berekraft og diskutere om teknologi kan gjere verda meir berekraftig.

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 04.05.2026