Teikn og forklar platetektonikk
Kva spor etter indre krefter og platetektonikk kan vi sjå på jordoverflata?
I denne oppgåva skal du utforske korleis jordas indre krefter har forma landskapet på jordoverflata.
1. Illustrer platetektonikk ved teikning
Du skal lage ein illustrasjon som viser korleis platetektonikk dannar nokre av dei store landformene vi har ulike stader på jordoverflata. I denne oppgåva kan du velje å teikne for hand på eit A4-ark eller digitalt i eit teikneprogram.
Gjennomføring
Teikn og forklar danninga av eit par landformer/stader som er nemnde i boksen under. Få fram kva type platerørsle det er, og om det er havbotnplater eller kontinentalplater som beveger seg i forhold til kvarandre. Bruk fargar for å gjere teikninga tydeleg og informativ. Ha med relevante detaljar der det er aktuelt (symbol, omgrep og så vidare).
Bruk gjerne kart for å undersøke plasseringa til dei ulike stadene før du byrjar å teikne.
Skriv ei kort forklaring til teikninga som forklarer korleis landforma har blitt danna.
Landformer/stader du kan teikne
Himalaya
Andesfjella
San Andreas-forkastinga
Marianegropa
Rift Valley
Island
2. Gruppearbeid
Jobb i grupper på to–fire personar
Ta ein runde der kvar elev viser fram teikningane sine og forklarer til kvarandre.
Vis teikninga og forklar kort kva landformer eller stader du har teikna.
Forklar korleis platetektonikk har påverka danninga av landformene i dette området.
Bruk kartet nedanfor til å finne døme på andre område i verda som har blitt påverka av ulike platerørsler. De kan opne kartet i fullskjermvisning nede i høgre hjørne på kartet.