Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Mitt grøne skifte

No skal du få gjere ei endring i livet ditt som gjer at du lever litt meir berekraftig i tre veker. Undervegs skal du skrive ein enkel logg, og etterpå skal du reflektere rundt endringa. Klarer du å leve meir berekraftig?

1. Vel ei endring

Finn ei konkret endring du kan gjere i livet ditt som gjer at du lever litt meir berekraftig. Det kan gjerne vere ei endring som vil vere litt utfordrande å gjennomføre.

Forslag

Her er forslag til endringar du kan gjennomføre. Dei er henta frå stortingsmelding 25 (2024–2025), som handlar om vegen fram mot eit lågutsleppssamfunn.

  • Ikkje kast mat.

  • Kjøp brukt i staden for nytt.

  • Forleng levetida til ting du eig, gjennom reparasjonar og vedlikehald.

  • Lån, del og leig i staden for å eige.

  • Et meir plantebasert mat.

  • Sykle eller reis kollektivt.

Vel du eit av desse forslaga, kan du gjerne gjere det endå meir konkret ("Eg skal sykle til skulen kvar dag", "Eg skal reparere minst fem ting dei tre vekene" eller "Eg skal ete all maten eg forsyner meg med").

Forslag til nyttig bakgrunnsstoff

Kanskje er det enklare å komme på kva endring du kan gjere, ved å sjå litt på desse ressursane:

Dersom du er i tvil om korleis du kan gjennomføre endringa, kan kanskje dulting hjelpe deg. Det kan du lese meir om i artikkelen "Kva er dulting?".

2. Gjennomfør endringa i tre veker

Gjennomfør endringa i tre veker og skriv ein kort logg to gonger i veka. Skriv 100–150 ord kvar gong.

Ting du kan reflektere rundt i loggen:

  • Har det oppstått nokre interessante situasjonar på grunn av endringa?

  • Er det lett eller vanskeleg å gjennomføre endringa? Kvifor er det slik?

  • Påverkar endringa dei som er rundt deg?

  • Snakkar du meir om berekraft no?

  • Tek du meir medvitne val no enn tidlegare?


3. Reflekter og evaluer etterpå

Bruk loggen din og skriv ein kort rapport om forsøket du har gjort. Legg gjerne inn bilete for å vise korleis dette har sett ut i praksis. Få med følgande:

Endringa du valde

  • Kva endring valde du?

  • Kvifor valde du akkurat denne endringa?

  • Korleis bidreg endringa til at forbruksvanane dine blir meir berekraftige?

Sjølv gjennomføringa

  • Korleis gjekk sjølve gjennomføringa?

  • Oppstod det nokon utfordrande situasjonar?

Refleksjon

  • Kva var grunnen til eventuelle utfordringar – personlege preferansar, hindringar i samfunnet, sosiale utfordringar eller andre ting?

  • Er det nokon samfunnsendringar som kan/vil gjere endringa di enklare i framtida?

  • Påverka prosjektet deg òg på andre område enn det valde endringsmålet ditt?

  • Kva rolle speler vi som enkelpersonar når verda skal bli meir berekraftig?


Tips til læraren

Denne oppgåva går an å utvide i mange retningar. Først og fremst vil det kanskje vere nyttig å jobbe litt med nokre av fagartiklane som ligg inne i boksen i første del av oppgåva.

Ein annan måte å utvide oppgåva på er å la elevane bruke meir tid på å finne ei endring dei kan gjere som dei trur kan ha stor effekt. Då må dei utforske den faktiske påverknaden ulike forbruksvanar har i større grad, før dei går over til å utforske endringa.

Det går òg an å utvide sluttproduktet her.

Kjelder

Meld. St. 25 (2024–2025). Klimamelding 2035 – på vei mot lavutslippssamfunnet. Klima- og miljødepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-25-20242025/id3095592/?ch=1

Sinnes, A. T. (2021). Utdanning for bærekraftig utvikling: Hva, hvorfor og hvordan? (2. utg.). Universitetsforlaget.

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 17.11.2025