Mineral for eit moderne samfunn

Oppgåvebeskriving
Denne oppgåva kan løysast individuelt eller i par. Oppgåva går ut på å lage ein plakat om ein mineralressurs som finst i Noreg. Les heile oppgåvebeskrivinga før du set i gang.
1. Vel ein mineralressurs som finst i Noreg
Undersøk nokre mineralressursar som finst i Noreg, og finn ut kva desse kan brukast til. Bruk gjerne nokre av døma her eller finn andre mineral. Vel så ut ein mineralressurs som skal presenterast i plakaten.
2. Undersøk og finn informasjon
Undersøk ulike kjelder for å finne informasjon om
kva mineralressursen blir brukt til
kvar i Noreg han finst
korleis han blir vunnen ut
konsekvensar av utvinning og bruk for miljø og samfunn
3. Lag ein plakat

Bruk informasjonen de har funne, til å lage ein attraktiv og informativ plakat som presenterer relevant informasjon om mineralressursen de har valt. Vel om de vil lage plakaten for hand eller digitalt (kan lagast i til dømes Word, PowerPoint eller andre program som de er kjende med). Hugs å lagre plakaten som pdf eller biletfil.
Plakaten bør ha
overskrifter
fakta om mineralressursen
informasjon om bruksområde og relevans i samfunnet
refleksjonar om miljø- og samfunnspåverknad
relevante bilete og illustrasjonar
kart med markering av kvar mineralressursen finst i Noreg
kjelder
Relatert innhald
Kva er eit mineral? Kvar kjem minerala frå, og kva slags mineral blir brukte i mobiltelefonen?
I denne artikkelen lærer du om FNs berekraftsmål og korleis vi kan følge med på utviklinga mot dei ulike måla.
