Kvar vil du plassere butikken?

1. Undersøk eit eksisterande produkt
Vel eit produkt som blir selt i Noreg i dag.
Undersøk dei ulike lokaliseringane til bedrifta. Her er nokre spørsmål du kan ta utgangspunkt i:
Kvar er fabrikkane for dei ulike delane?
Kvar er hovudkontoret?
Kvar blir produktet selt?
Til slutt skal du reflektere rundt kva lokaliseringsfaktorar som har vore viktige for dette produktet.
Er du usikker på kva lokaliseringsfaktorar er, kan du lese artikkelen "Lokalisering og næringsliv".
2. Kvar skal bedrifta di lokaliserast?
Lag ei fiktiv bedrift som skal selje ei vare eller teneste.
Lag eit namn.
Finn ut kva bedrifta skal produsere og selje.
Kva trengst for å produsere vara eller tenesta?
Kvar finst relevante råvarer og naturressursar?
Vel lokalisering for minst to delar av bedrifta og teikn det inn på eit kart.
I val av lokalisering må du vurdere minst tre ulike lokaliseringsfaktorar for kvar av dei to delane.
Dei ulike delane av bedrifta kan omfatte innhenting av ulike råstoff, tilarbeiding av ulike råstoff, produksjonslokale, utsalsstad, kontor for marknadsførarar eller kontor for designarar.
Lag ein bedriftspresentasjon med alle punkta over. Her må du grunngi dei vala du har teke, og kvifor du trur bedrifta kan lykkast.
Presentasjon av sluttprodukt
Vis bedriftspresentasjonen til klassen, og lever han inn til læraren.
Oppgåva kan òg gjerast i grupper, og då kan alle gruppene lage ein stand til slutt. Alle kan gå rundt å høyre korleis dei ulike gruppene har løyst oppgåva. Halve gruppa kan gå først, og så byter de halvvegs.