Globale verdikjeder og multinasjonale selskap

Globale varekjeder og verdikjeder
No er transport effektivt og billig. Då kan vi utnytte fordelane ulike stader i verda har, når varer og tenester skal produserast.
Dei fleste varer består av mange ulike råstoff frå heilt ulike stader på kloden. Delane er gjerne sette saman ulike stader, før alt til slutt blir sett saman til sluttproduktet. Dette nettverket og alle desse ledda fram til ei ferdig vare, blir kalla globale varekjeder. Når vi tek med dei immaterielle stega som bidreg til å gi ei vare eller teneste verdi, kallar vi det globale verdikjeder.
Energidrikk som døme

Om du kjøper ein boks energidrikk, kjem han sannsynlegvis frå ei global verdikjede som går på kryss og tvers over heile kloden.
Aluminiumsboksen blir framstilt av bauksitt, som ofte kjem frå Australia eller Brasil. Bauksitt blir til alumina, kanskje i Kina. Så blir alumina til aluminium, kanskje på ein fabrikk i Europa. Til slutt lagar ein boksar av aluminiumen.
Innhaldet i boksen består òg av ulike råstoff frå heilt ulike stader. Vatn, sukker, koffein, taurin, vitamin, aromastoff og karbondioksid blir produserte ulike stader, før alt blir blanda og tappa på boksane. I tillegg sørger nokon for design, marknadsføring og sal.
Global handel fører til ulikskap
Immanuel Wallerstein, ein amerikansk sosiolog og samfunnsøkonom, har ein teori om at verda er delt i kjerne, semiperiferi og periferi. Land i kjernen utnyttar land i periferien og sit igjen med overskotet som eigentleg kjem frå billig arbeidskraft og billige råstoff i periferien. Dette er mogleg på grunn av svak økonomi og dårleg styring i periferien. Semiperiferien er land med veksande industri og aukande eksport. Sidan 1800 har Noreg bevegd seg frå periferi til kjerne, så denne inndelinga er ikkje statisk (Eidsvik et al., 2019, s. 316).
Dette heng saman med avhengnadsteorien som du kan lese meir om i fagartikkelen "Kvifor er nokre rike og andre fattige?".
Multinasjonale selskap
Selskap med verksemd i fleire land blir kalla multinasjonale selskap. Globale verdikjeder har bidrege til at nokre selskap har blitt enormt store, rike og mektige. Slike multinasjonale selskap har gjerne hovudkontoret sitt i kjerneland og produksjonen i semiperiferien, og dei hentar råvarer frå periferien.
Ved å flytte delar av produksjonen til andre land, eller outsource produksjon og innhenting av råstoff, blir heile verdikjeda meir lønnsam, og selskapet tener meir pengar. Dei kan til dømes utnytte billig arbeidskraft i Bangladesh, svak handheving av miljø- og arbeidsmiljølovgiving i DR Kongo og stor tilgang på råstoff i Angola. Selskap som Amazon, Meta, Nike, IKEA, Volkswagen, Equinor og Hennes & Mauritz har globale verdi- og varekjeder.

Interaktivt kart med eit norsk døme
Kartet under viser nokre få av alle stadene Equinor har kontor eller produksjonsanlegg eller begge delar.
Mange vil samarbeide med multinasjonale selskap
Store multinasjonale selskap har kontor og fabrikkar i veldig mange land. Til dømes er det over 1 100 fabrikkar som syr klede for Hennes & Mauritz (H&M Group, 2025) i 38 land (Eidsvik et al., 2019, s. 322). Mange land og underleverandørar har lyst til å samarbeide med Hennes & Mauritz, for då er dei sikra arbeidsplassar og inntekter.
Store selskap kan sikre inntekter, arbeidsplassar og utvikling. I mindre utvikla land eller område kan dei òg bidra til utvikling og innhenting av råstoff dei sjølv manglar kompetanse til å utnytte.
Har multinasjonale selskap for mykje makt?
Store selskap som opererer i heile verda, har mykje makt og påverknadskraft. Sidan dei potensielt kan bidra med kunnskap, inntekter og arbeidsplassar, vil mange samarbeide med dei. Dermed kan dei setje ulike stader og land opp imot kvarandre og presse dei på pris eller lover og reglar. Dette kan vere eit demokratisk problem fordi selskap og personar som ikkje er demokratisk valde kan påverke politikken.
Ei innvending mot multinasjonale selskap har vore at dei utnyttar periferien og svak politisk styring. Dei hentar ut råvarene frå periferien, mens dei store overskota blir samla i kjerneland. Multinasjonale selskap har òg vore kritiserte for å blande seg for mykje i den politiske styringa i land.
Til dømes hadde United Fruit Company stor makt i fleire land i Mellom-Amerika på midten av 1900-talet fordi landa var heilt avhengige av bananproduksjonen. Land som Guatemala, Honduras og Costa Rica vart kalla bananrepublikkar fordi dei var så avhengige av éi eksportvare, nemleg bananar. Dermed vart dei òg sårbare for påverknad og enklare å utnytte av United Fruit Company.
Multinasjonale selskap har òg blitt kritiserte for det motsette, nemleg for ikkje å blande seg i forholda i land. Klesmerke har outsourca produksjonen av klede og dermed ikkje hatt det formelle ansvaret for arbeidsforholda på fabrikkane. I 2013 kollapsa fabrikklokala i Rana Plaza i Bangladesh og over tusen tekstilarbeidarar mista livet. Då fekk mange vestlege klesmerke mykje kritikk for ikkje å ha stilt strengare krav til underleverandørane sine.

Tenk over
Kva utfordringar kan makta som multinasjonale selskap har, skape?
Toll, proteksjonisme og homesourcing
Trenden har lenge vore at selskap outsourcar delar av verdikjeda si. Men dei siste åra ser denne trenden ut til å ha snudd. No ønsker til dømes politikarar i USA og Storbritannia å flytte meir av produksjonen heim igjen, såkalla homesourcing.
Gjennom proteksjonistiske tiltak som toll kan ein sikre at produkt og tenester skapt i landet sel betre. Dette bidreg til å skape arbeidsplassar og verdiar i heimlandet.
For oss forbrukarar kan det bli mindre konkurranse og dermed dyrare varer, men då sikrar vi norsk næringsliv og arbeidsplassar i landet. I tillegg gjer det oss mindre avhengige av andre i produksjonen av viktige produkt og tenester. Fleire land ønsker til dømes å ha betre kontroll på heile verdikjeda til produkt som våpen og vaksinar, av sikkerheitsmessige årsaker.


