Filmar og figurar i Globalisering og lokalisering
Film: Introduksjon til Globalisering og lokalisering
Filmen (lengde 1:27) introduserer emnet ved å vise klipp frå heile verda og stille spørsmål knytte til lokalisering, globalisering, teknologi og berekraft. Filmen blir brukt i oppgåva "Introduksjon til globalisering og lokalisering".
Film: Lokaliseringsfaktorar
Filmen (lengde 6:51) forklarer kvifor lokaliseringsfaktorar er viktige i samfunnsutviklinga, og viser døme på lokaliseringsfaktorar. Filmen blir brukt i artikkelen "Lokalisering og næringsliv".
Film: Globale verdikjeder
Filmen (lengde 8:35) forklarer kva globale verdikjeder er, og om fordelar og ulemper ved desse. Filmen blir brukt i artikkelen "Globale verdikjeder og multinasjonale selskap".
Figur: Råstoff til elsparkesyklar
Det interaktive kartet viser døme på kvar ti av dei viktigaste råstoffa til ein elsparkesykkel kjem frå. Kartet blir brukt i oppgåva "Introduksjon til globalisering og lokalisering".
Figur: Nokre multinasjonale selskap
Biletet viser døme på nokre multinasjonale selskap og nokre av dei største selskapa i verda. Biletet blir brukt i artikkelen "Globale verdikjeder og multinasjonale selskap".

Figur: Equinors lokalitetar
Det interaktive kartet viser kvar Equinor har nokre av kontora og produksjonsanlegga sine, og blir brukt i artikkelen "Globale verdikjeder og multinasjonale selskap".