Kartlegg reiselivet i heimfylket ditt - Forretningsdrift (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Kartlegg reiselivet i heimfylket ditt

Turistsjefen i fylket har bede dykk om å kartleggje reiselivet i fylket. Denne informasjonen treng turistsjefen for å leggje ein strategi for berekraftig reiselivsutvikling i fylket.

De har fått i oppdrag av turistsjefen å kartleggje reiselivet på ein valfri destinasjon i fylket. Føremålet med kartlegginga er å få informasjon som kan brukast i den langsiktige planlegginga av ei berekraftig reisemålsutvikling. Bruk høgsesongen som utgangspunkt.

Oppgåve i par

Del 1: hente inn informasjon

  • Klassa blir samde om kva destinasjon de vil undersøkje.
  • Klassa fordeler kartleggingsoppdraget mellom seg, og kvart par vel frå lista under kva dei skal undersøkje:
    • Kven er turistane, og kvar kjem dei frå?
    • Kor mange overnattingar er gjennomsnittet i høgsesongen, og kor lenge varer dei?
    • Kvar overnattar turistane, og kva overnattingsmoglegheiter finst?
    • Kva aktivitetar gjer turistane på destinasjonen, og kva aktivitetar finst?
    • Kva attraksjonar oppsøkjer turistane på destinasjonen, og kva attraksjonar finst?
    • Kva transportmiddel bruker turistane mest, og korleis kjem dei seg til destinasjonen?
    • Kor mykje pengar bruker turistane på destinasjonen i gjennomsnitt?
Tips til informasjonskjelder

Visit Norway

Statistisk sentralbyrå

Nettsidene til fylket

Nettsidene til destinasjonsselskapa

Del 2: rapport

  • Bruk informasjonen de fann, og lag ein rapport om det de undersøkte. Lag gjerne fine diagram, bruk bilete, og skriv ein liten introduksjon.
  • Set saman funna dykkar til ein heilskapleg rapport.
  • Del den ferdige rapporten med klassa.
Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2020