Oppgave
«FarOut» – øyhopping og samarbeid
Du held på å utvikle forretningsideen din, «FarOut», men treng samarbeidspartnarar. Kven skal det vere?
«FarOut» er ein forretningsidé under utvikling. «FarOut» skal selje øyhopping i den sørlandske skjergarden, i form av pakketurar som inkluderer guide, havkajakk, telt/hengjekøye, utstyr, mat og drikke.
- Jobb i grupper på to eller tre.
Del 1: Refleksjon i gruppa
- Drøft punkta under:
- Kva er samarbeid, og kva er føremålet med samarbeid?
- Kvifor er det enkelt å samarbeide med nokon, og ikkje med andre?
- Når bør ein vurdere å samarbeide med andre aktørar?
- Kvifor er tillit viktig for eit samarbeid?
- Kva kan de oppnå ved å samarbeide med andre?
- Kva utfordringar kan bedrifta dykkar møte i eit samarbeid med andre aktørar?
- Kva kjenneteiknar eit godt samarbeid?
- Korleis kan reiselivsbedrifter samarbeide med ulike aktørar i reiselivsbransjen?
- Kvifor bør reiselivsbedrifter samarbeide med bedrifter i andre næringar?
- Beskriv og drøft kvifor samarbeid mellom ulike bedrifter er bra for gjestene.
Del 2: Utforsk moglegheitene
Kven kan «FarOut» samarbeide med på Sørlandet for å utvikle bedrifta på ein sunn og berekraftig måte?
- Utstyr: plakat, tusj og post-it-lappar.
- Lag overskrifta «Må samarbeide med» på den eine sida av plakaten, og overskrifta «Kan samarbeide med» på den andre sida.
- Bruk ein post-it-lapp til kvar samarbeidspartnar, og skriv ei kort grunngiving for kvifor desse samarbeidspartnarane er nyttige for «FarOut».
Del 3: Presentasjon og deling
- Presenter plakaten dykkar i klassen.
- Diskuter forslaga dykkar.
- Gjer ei oppteljing til slutt, og sjå kor mange ulike samarbeidspartnarar som er aktuelle for «FarOut».
Lykke til!