Kjedesamarbeid for De Historiske - Forretningsdrift (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Kjedesamarbeid for De Historiske

I denne oppgåva skal du jobbe med temaet kjedesamarbeid og ta utgangspunkt i hotell- og serveringskjeda De Historiske.

Her finn du nettsida til hotell- og serveringskjeda De Historiske.

Oppgåve 1

Hotell- og serveringsbransjen samarbeider ofte i kjeder. De Historiske består av 66 hotell, 23 matstader og to båtar. I videoen under får du sjå nokre glimt frå tre av De Historiske sine serveringsstader i Bergen – Lyststedet Bellevue, Fløien Folkerestaurant og Bryggen Tracteursted.

  1. Kva type kjedesamarbeid er De Historiske? Les deg gjerne opp på ulike typar kjedesamarbeid i den relaterte artikkelen som du finn nedst på denne sida.

  2. Kva fordelar har det å vere med i hotell- og serveringskjeda De Historiske? Grunngi svaret.

Oppgåve 2

Gjer greie for ulike typar kjedesamarbeid. Kva inneber dei ulike samarbeidsformene?

Oppgåve 3

Drøft fordelar og ulemper med ulike kjedesamarbeid.

Relatert innhald

Fagstoff
Kjedesamarbeid

Samfunnet blir prega av kontinuerlege endringar, og konkurransen om kundane blir stadig hardare. Ofte kan vekst skje gjennom ulike former for samarbeid.

Fagstoff
Ulike typar kjedesamarbeid

Det finst ulike typar kjedesamarbeid. Slike samarbeid kan vere frivillige kjeder, franchising, kommisjonærkjeder, filialføretak og strategiske alliansar.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2021