Nasjonal satsing, lokalt arbeid - Forretningsdrift (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Nasjonal satsing, lokalt arbeid

Skal ein nå måla i den nasjonale reiselivsstrategien, må ein jobbe lokalt. Korleis blir dette arbeidet gjort der du bur?

Oppgåvene nedanfor kan løysast individuelt eller i grupper. Etterpå kan de diskutere svara i klassa.

Oppgåve 1

Organisering

Undersøk og gi døme på korleis reiselivet er organisert i nærområdet ditt. Aktuelle spørsmål:

  • Finst det eit eige destinasjonsselskap?

  • Korleis er samarbeidet mellom myndigheitene og private aktørar?

  • Korleis er samarbeidet mellom reiselivsaktørar og andre næringar?

  • Er det endringar i organiseringa etter at den nye nasjonale reiselivsstrategien blei lansert? Korleis og kvifor, i så fall?

Oppgåve 2

Utvikling av opplevingar og reisemål

Undersøk og gi døme på følgjande:

  • Korleis blir opplevingstilbodet på din heimstad teke vare på og vidareutvikla?

  • På kva måte blir den nasjonale strategien implementert i det lokale arbeidet?

  • Blir det jobba med Merket for berekraftig reisemål? Dersom ja, på kva måte? Dersom nei, kvifor ikkje?

Oppgåve 3

Sal og marknadsføring

Drøft salet og marknadsføringa av norsk reiseliv:

  • På kva måte bidreg regjeringa i salet og marknadsføringa av norsk reiseliv?

  • Kva meiner du regjeringa bør satse på, og kvifor?

  • Kva målgrupper har reiselivsnæringa på din heimstad, og korleis blir desse målgruppene nådde?

  • Korleis kan marknadsføring bidra til ei berekraftig reisemålsutvikling?

Relatert innhald

Skrive av Cathrine Meyer Johansen og Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 28.09.2021