Oppgåve
Bruk av fellesgode
Reiselivet baserer seg ofte på fellesgode, som er tilgjengelege for alle. Flott natur er eit av dei viktigaste fellesgoda for norsk reiseliv.
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

Toppturar og andre naturopplevingar har blitt veldig populært, og #instaspot har blitt ein utbreidd emneknagg. Mange bruker den til å vise opplevingane sine på Instagram og i andre sosiale medium.
Oppgåve 1. Diskusjon
Søk på nett, og diskuter i par:
- Korleis marknadsfører norsk reiseliv fellesgoda i Noreg?
- Korleis trur de fellesgoda, og tilrettelegginga av desse, blir finansierte? Korleis bør dei bli finansierte?
- Bør turistar betale for å bruke fellesgoda – kvifor, og kvifor ikkje?
Oppgåve 2. Ut på tur!
Fellesgoda er ofte kjernen i reiselivsproduktet, og dei er gode vi alle har tilgang til. Fellesgode inkluderer alt frå turiststiar, skiløyper og byparkar, til opne konsertar og retten til å slå opp telt i utmarka.
I denne oppgåva skal de gå ein tur ut og ta bilete av fellesgoda der de bur.
- Del klassen i tre grupper.
- Gruppe 1: Gå ut og ta bilete av natur- og kulturgode.
- Gruppe 2: Gå ut og ta bilete av infrastruktur, som til dømes parkar, toalettanlegg, flyplassar og annan infrastruktur som er viktig for reiselivet.
- Gruppe 3: Oppsøk ei reiselivsbedrift (turistkontor, overnattingsstad med meir) og finn bilete i marknadsføringsmateriell som viser korleis fellesgoda blir brukte i marknadsføringa av destinasjonen. Sjå til dømes på brosjyrar og digitalt marknadsføringsmateriell som blir brukte i marknadsføringa av heimstaden dykkar.
Oppgåve 3. Oppsummering
- Lag ein presentasjon av bileta dykkar.
- Sett presentasjonane saman til ei felles oversikt over fellesgoda i reiselivet frå der de bur. Kanskje er det meir enn de trudde?

Frognerparken i Oslo med skulpturane "Fontenen" og "Monolitten" i bakgrunnen.
Relatert innhald
Samarbeid om fellesgode
Reiselivet baserer seg ofte på fellesgode som er tilgjengelege for alle. Slike gode betyr mykje for attraksjonsverdien til mange destinasjonar.