Utforsk samarbeidsformer i reiselivet - Forretningsdrift (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Utforsk samarbeidsformer i reiselivet

Samarbeid kan ha fleire fordelar for reiselivsbedrifter. I denne oppgåva skal du utforske samarbeidsformer i reiselivet med utgangspunkt i destinasjonsselskapa Destination Lofoten AS og Visit Bodø.

Visit Bodø

Dei fleste reiselivsbedrifter har ein eller fleire samarbeidspartnarar. Samarbeidet kan gå føre seg direkte mellom bedriftene, men òg indirekte ved at bedriftene er medlemmer i lokale organisasjonar som koordinerer og utviklar felles produkt. Filmen Visit Bodø (under) er eit døme på eit slikt samarbeid.

Tekstsamandrag

Filmen består av ein serie korte klipp som viser varierte natur- og kystlandskap med øyer og bratte fjell, men òg urbane scener med høge bygningar og bygater. I tillegg blir det vist korleis menneske tek omgivnadene i bruk gjennom turar i naturen og restaurantbesøk. Somme klipp skildrar kulturutøving med instrument og samspelgrupper, mens andre fokuserer på matopplevingar og viser bakarar og kokkar i arbeid.

Oppgåver

  1. Gjer greie for ulike samarbeidsformer i reiselivet.

  2. nettsidene til destinasjonsselskapa Destination Lofoten AS og Visit Bodø finn du menyar med lokale reiselivstilbod. Å setje saman slike menyar krev både samarbeid, god koordinering og ein felles strategi.

    1. Utforsk nettsidene til Destination Lofoten AS og Visit Bodø.

    2. Gjer greie for destinasjonsselskapa sine oppgåver.

    3. Drøft fordelar ved å ha destinasjonsselskap som Destination Lofoten AS og Visit Bodø.

  3. Det heilskaplege reiselivsproduktet er eit samspel mellom mange ulike aktørar innanfor formidling, transport, overnatting, servering og opplevingar. Utforsk Destination Lofoten AS si nettside vidare, og set opp ei oversikt over samarbeidspartnarar og samarbeidsformer i det heilskaplege reiselivsproduktet Lofoten.

  4. Visit Bodø er eit destinasjonsselskap for heile Saltenregionen. Utforsk nettsida til Visit Bodø, og set opp ei oversikt over samarbeidspartnarar og samarbeidsformer i det heilskaplege reiselivsproduktet Bodø.

Relatert innhald

Fagstoff
Samarbeidsformer i reiselivet

Det finst ikkje ein felles modell for samarbeid i reiselivsnæringa. Mange samarbeid tek utgangspunkt i ein stad, eit tema eller eit marknadsområde.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2021