Oppgåver om naturleg seleksjon
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein kommande læreplan. Innhaldet er under utvikling og kan vere ufullstendig.
Oppgåve 1. Vel rett alternativ
Oppgåve 2. Nokre sentrale omgrep
Oppgåve 3. Beskriv kva figuren viser

Studer illustrasjonen.
Gjer deretter den interaktive øvinga. Dra rett ord til rett stad slik at teksten gir ei god beskriving av det figuren viser.
Obs! Nokre av alternativa skal bli til overs.
Oppgåve 4. Tilpassing hos steinlommemus
Sjå filmen The Making of the Fittest (lengde 10:29). Han handlar om naturleg seleksjon og tilpassing.
Svar på spørsmåla til filmen.
Oppgåve 5. Tilpassingar
Ta utgangspunkt i ein art frå feltarbeidet ditt eller ein annan art du kjenner godt, og beskriv ei tilpassing hos denne arten.
Ei tilpassing er ein eigenskap som har blitt vanleg gjennom naturleg seleksjon fordi han aukar overlevinga eller reproduksjonen til individa i eit bestemt miljø. Beskrivinga di bør derfor gi svar på følgande spørsmål:
Kva er eigenskapen?
Kva miljøfaktor eller utfordring gjer at eigenskapen har noko å seie?
Kva fordel har individ med eigenskapen, samanlikna med individ som manglar eigenskapen?
Kvifor fører denne fordelen til at individ med eigenskapen får fleire overlevande avkom?
Oppgåve 6. Vurder utsegner
Du får no presentert nokre feilaktige utsegner. Forklar kva som er feil i kvar enkelt utsegn, og skriv deretter ei forklaring som er i tråd med korleis naturleg seleksjon verkar.
Gaseller har utvikla seg til å bli raske fordi dei treng denne eigenskapen for å overleve.
I eit miljø med antibiotika vil bakteriar prøve å utvikle resistens.
Naturleg seleksjon gjer at individ tilpassar seg miljøet dei lever i.
Naturleg seleksjon gjer at organismar alltid er godt tilpassa miljøet.
Mange fugleartar migrerer mellom sommar- og vinterområde for at arten skal overleve.
Når klimaet blir varmare, utviklar dyr tynnare pels, og denne eigenskapen går i arv.
Fisk som lever i mørke grotter, mistar synet fordi dei ikkje bruker auga.
Oppgåve 7. Naturleg og kunstig seleksjon
For å forstå korleis naturleg seleksjon verkar, kan det vere nyttig å samanlikne han med kunstig seleksjon (avl).
Gi døme på artar som har blitt endra gjennom kunstig seleksjon.
Beskriv to likskapar og to forskjellar mellom naturleg seleksjon og kunstig seleksjon.
Oppgåve 8. Pelsfarge hos ein museart
Musearten Peromyscus polionotus er utbreidd i dei søraustlege delane av USA. Arten finst hovudsakleg i to fargevariantar: mørk og lys. På fastlandet er den mørke varianten vanlegast. På ei sandøy utanfor kysten er den lyse varianten vanlegast. Populasjonen på øya blei grunnlagd av mørke mus frå fastlandet.

Ein hypotese er at populasjonen av lyse mus blei utvikla ved naturleg seleksjon frå ein populasjon av mørke mus.
Beskriv kva for føresetnader som må vere oppfylte for at hypotesen skal vere rett.
Foreslå òg korleis kvar av desse føresetnadene kan testast ved hjelp av observasjonar eller eksperiment.
Oppgåve 9. Bjørkelurvemålarar
Bjørkelurvemålarar er sommerfuglar som kviler på trestammar. Fargen til eit individ avgjer kor godt kamuflert det er, og dermed overlevinga.
Figuren nedanfor skal illustrere evolusjon ved naturleg seleksjon i ein populasjon av bjørkelurvemålarar. Vi tenker oss at forureining på eit tidspunkt førte til at trestammane blei mørkare.

Vel fire av figurane og plasser dei i rett rekkefølge slik at dei viser stadia i utviklinga.
Skriv ein forklarande tekst til figuren. Bruk mellom anna desse omgrepa: naturleg seleksjon, fitness, miljøendring, populasjon, overleving, arveleg variasjon, kamuflasje, generasjonar, tilfeldig mutasjon, allel.
Oppgåve 10. Vurder påstandar
Oppgåva tek utgangspunkt i ei oppgåve frå eksamen våren 2017.
Tenk deg at nokre individ av ein firfisleart grunnlegg ein ny populasjon på ei stor øy. Arten har ingen konkurrentar eller predatorar.
Nokre av individa kan fordøye planter betre enn andre, og denne eigenskapen er arveleg. Individa med den mest effektive fordøyinga får i gjennomsnitt flest avkom.
Populasjonen er langt under bereevna. Derfor veks alle avkomma i populasjonen opp og formeirar seg.
Du skal no vurdere desse fire påstandane om kva som kan skje i populasjonen:
Det skjer ingen evolusjon ved naturleg seleksjon fordi alle avkomma veks opp.
Andelen individ i populasjonen som har ei effektiv fordøying, vil auke.
Den genetiske variasjonen er for liten til at populasjonen kan tilpasse seg miljøet.
Fordi populasjonen er liten, kan berre slump endre den genetiske samansetninga.
Kva påstand beskriv best det som kan skje i populasjonen? Grunngi valet ditt.
Forklar kvifor dei andre påstandane ikkje beskriv det som kan skje, på ein like god måte.
Oppgåve 11. Ulike former for seleksjon
Kva form for seleksjon sorterer døma i denne oppgåva under? Dra tekst eller bilete til rett boks.
Oppgåve 12. Naturleg seleksjon og eggfarge
Oppgåva er henta frå eksamen våren 2017.

Gaukarten Cuculus canorus legg egga sine i reiret til andre artar, til dømes bjørkefinken (Fringilla montifringilla). Når eit gaukegg er klekt, kastar gaukungen ungane til bjørkefinken ut av reiret slik at desse døyr. Gaukungen veks altså opp hos ein annan art.
Fargen på eggeskalet er ein arveleg eigenskap hos både bjørkefinken og gauken. Kvart individ legg egg med ein bestemd farge, og fargen varierer innan populasjonen. Dersom gaukegget har ein annan farge enn egga til bjørkefinken, aukar sjansane for at bjørkefinken oppdagar gaukegget og fjernar det frå reiret.
Studer figuren nedanfor. Forklar utviklinga i eggfarge hos populasjonen av gauk frå tidspunkt A til tidspunkt B.
Korleis vil eggfargen hos populasjonen av bjørkefink mest sannsynleg utvikle seg frå tidspunkt A til tidspunkt B? Grunngi svaret ditt.
Oppgåve 13. Dominante og recessive allel
I denne oppgåva skal vi sjå nærmare på kva det har å seie for naturleg seleksjon om eit allel er recessivt eller dominant.
Tenk deg ein populasjon med mus som er utsett for naturleg seleksjon:
Kvite mus har dårlegare kamuflasje enn brune mus.
På grunn av dårlegare kamuflasje blir 40 % av dei kvite musene etne, mens alle brune musene overlever.
Musene som overlever, formeirar seg tilfeldig.
I scenario 1 kjem av brun pels eit dominant allel (stor B), mens lys pels kjem av eit recessivt allel (liten b).
I scenario 2 er det motsett: Brun pels kjem av eit recessivt allel (liten b), mens lys pels kjem av eit dominant allel (stor B).

Startfrekvensen til allelet for brun pels er den same i begge scenarioa: 0,5. Bruk figuren til å kontrollere at startfrekvensen til allelet for brun pels er 0,5 både i scenario 1 og i scenario 2.
Vi seier at naturleg seleksjon verkar på fenotypen, ikkje direkte på genotypen. Forklar dette med utgangspunkt i figuren.
Sjå på figuren for scenario 1.
Kor mange ulike genotypar gir brun pels?
Kva genotype / Kva genotypar er dette?
Sjå på figuren for scenario 2.
Kor mange ulike genotypar gir brun pels her?
Kva genotype / Kva genotypar er dette?
I kva scenario kan allelet som gir kvit pels, "vere skjult" hos brune mus?
Hugs at sjølv om andelen brune mus er ulik i startpopulasjonen, er seleksjonstrykket mot kvit pels det same i begge scenarioa. Alle brune musene overlever, men berre av dei kvite musene.
I kva scenario forventar du at allelet for kvit pels vil bli verande i genlageret lengst, og kvifor?
Bruk figuren til å bestemme frekvensen til allelet for brun pels etter 10 generasjonar i begge scenarioa.
Forklar kvifor allelet for brun pels har fått høgare frekvens i scenario 2 enn i scenario 1 sjølv om brun pels gir like stor fordel samanlikna med kvit pels i begge scenarioa.
Bruk dette dømet til å forklare kvifor dominante skadelege allel vanlegvis blir fjerna raskare frå eit genlager enn recessive skadelege allel.
Oppgåve 14. Resistens mot insektmiddel
Oppgåva er henta frå eksamen hausten 2017.
Eit dominant allel, R (stor R), gjer insekt resistente mot eit insektmiddel, mens det recessive allelet, r (liten r), ikkje gir resistens.
I eit forsøk undersøkte forskarane effekten av å bruke insektmiddel på ein populasjon insekt gjennom fleire generasjonar. Kvar generasjon blei sprøyta med insektmiddelet. Det var berre dei resistente individa som overlevde og fekk formeire seg vidare. Figuren under viser korleis frekvensen til det recessive allelet liten r endra seg dei 10 første generasjonane.
Kva er frekvensane til allel liten r og allel stor R i generasjon 0?
Beskriv og forklar endringane i frekvensen av allelet liten r.
Korleis ville kurva ha sett ut dersom allelet som ikkje gir resistens, var det dominante allelet?

