Genlager og evolusjonære mekanismar
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein kommande læreplan. Innhaldet er under utvikling og kan vere ufullstendig.
1. Før du ser animasjonsfilmen
Når vi skal beskrive den genetiske samansetninga til ein populasjon, bruker vi mange omgrep som også er knytte til arv av eigenskapar. Bruk oppgåva til å repetere desse omgrepa.
2. Sjå filmen Genlager og evolusjonsmekanismar
Sjå animasjonsfilmen (lengde: 6:22). Mens du ser, bør du ha desse spørsmåla i bakhovudet:
Kva er det som endrar seg når det skjer evolusjon?
Kva er det som gjer at eit allel blir vanlegare enn eit anna?
3. Har du fått med deg fagkunnskapen?
Sjekk om du har forstått og hugsar det sentrale innhaldet i filmen. Svar på spørsmåla under.
Kva er evolusjon?
Kva for fire mekanismar gjer at det kan skje evolusjon?
Kva meiner vi med genlageret til ein populasjon?
Kva er forskjellen mellom genotype og fenotype i mus-dømet i filmen?
Er det populasjonen eller kvar enkelt mus som utviklar seg?
Forklar kvifor naturleg seleksjon fører til at b-allelet blir vanlegare på øya med lys sandbotn.
Korleis fører genetisk drift til endra allelfrekvensar? Og kva er årsaka til endra allelfrekvensar ved naturleg seleksjon?
Korleis kan eit genlager få nye allel utan at det skjer mutasjonar?
Kvifor er mutasjon ein føresetnad for evolusjon?
4. Beskriv ein konkret populasjon
No skal du bruke omgrepa allelfrekvens og genotypefrekvens til å beskrive ein konkret populasjon.
Om du er usikker på korleis du reknar ut allel- og genotypefrekvensar, kan du lese det som står i boksen under.
Allel- og genotypefrekvensar er relative frekvensar
Den relative frekvensen til eit allel kallar vi allelfrekvensen. Allelfrekvensar beskriv kor vanlege dei ulike allela er i forhold til kvarandre.
Vi bestemmer allelfrekvensar ved å dele talet på utgåver (kopiar) av eit allel på det samla talet utgåver av dette genet i genlageret.
Den relative frekvensen til ein genotype kallar vi genotypefrekvensen. Genotypefrekvensar beskriv kor vanlege dei ulike genotypane er i forhold til kvarandre i ein populasjon.
Vi finn genotypefrekvensar ved å dele talet på individ med ein bestemd genotype på det totale talet på individ i populasjonen.
Illustrasjonen under viser ein populasjon av 20 individ:
A. Kva er allelfrekvensane i populasjonen?
B. Kva er genotypefrekvensane i populasjonen?