Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Oppgåve
Interaktivt innhald
Video

Introduksjon til populasjonsgenetikk

I emnet populasjonsgenetikk spør vi: Kvifor er nokre genvariantar vanlege, mens andre er sjeldne? Kvar kjem genetisk variasjon frå, og kvifor er han viktig? Korleis kan endringar i populasjonar føre til artsdanning? Her finn du oppgåver som gjer deg klar til å jobbe med emnet.

1. Kva kan du om populasjonsgenetikk frå før?

Sjølv om omgrepet populasjonsgenetikk er nytt for deg, har du heilt sikkert kjennskap til fleire omgrep og prosessar som inngår i emnet. Oppgåvene under hjelper deg med å aktivere forkunnskapane dine før du begynner å jobbe med stoffet.

A. Påstander om gen i populasjonar: Sant eller usant?

Ta stilling til påstandane nedanfor. Trur du dei er sanne eller usanne? Tenk deg om, og snu kortet for å sjå om svaret ditt stemmer.

Tenk gjennom etter at du har jobba med påstandane:

  • Kva svar overraska deg mest?

  • Kva ønsker du å finne ut meir om i dette emnet?

B. Tenk-par-del!

Tenk først åleine, snakk deretter med ein medelev, og del til slutt tankane dykkar i klassen.

Tenk (2 minutt)

Jobb individuelt med spørsmåla. Skriv stikkord.

  1. Kvifor er genetisk variasjon viktig for ein populasjon?

  2. Korleis kan slump spele ei rolle i evolusjon?

  3. Kvifor finst alvorlege, arvelege sjukdommar?

  4. Korleis oppstår ein ny art?

Par (3 minutt)

Del stikkorda med kvarandre. Kva tenker de likt om? Kva tenker de ulikt om?

Del i plenum (5 minutt)

Del tankane dykkar i fellesskap i klassen.

2. Film om populasjonsgenetikk (lengde 3:22)

I denne filmen får du oversikt over emnet. Du lærer meir om kvifor poplasjonsgenetikk er relevant, og korleis det heng saman med andre tema i biologi 2. Sjå filmen før du gjer oppgåvene under.

Video: Christina Svien, Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Oppgåver til filmen

  1. Kva meiner vi med genlageret til populasjonen?

  2. Kva heiter dei fire grunnleggande evolusjonære mekanismane?

3. Utforsk omgrep i populasjonsgenetikk

Lag tankekart med stikkord

Jobb i grupper på 23 elevar.

Skriv hovudomgrepet "Populasjonsgenetikk" midt på eit stort ark. Plasser omgrepa frå lista under rundt hovudomgrepet. Kople dei saman med piler som viser samanhengar, og skriv stikkord til kvart omgrep.

  • evolusjon

  • naturleg seleksjon

  • tilpassing

  • genetisk variasjon

  • fenotype

  • reproduksjon

  • arv

  • populasjonar

  • migrasjon

  • mutasjon

  • miljøendring

Presenter tankekarta for dei andre gruppene, og forklar korleis de har tenkt.

Skrive av Johan Reinert Vikan.
Sist oppdatert 30.04.2026