Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Genflyt

Ein populasjon lever sjeldan heilt isolert frå andre populasjonar. I denne artikkelen ser vi på korleis kontakt mellom populasjonar påverkar evolusjon.

Genflyt påverkar den genetiske variasjonen

Genflyt betyr at allel blir overførte mellom populasjonar. Det kan skje når individ migrerer og reproduserer seg i den nye populasjonen, eller når sporar og pollen spreier seg mellom populasjonar.

Dette påverkar variasjonen på to ulike måtar:

  • Genflyt kan tilføre nye allel til ein populasjon, noko som gjer at den genetiske variasjonen intert i populasjonen aukar.

  • Genflyt spreier allel mellom populasjonar, noko som reduserer dei genetiske forskjellane mellom dei.

Døme på genflyt mellom to populasjonar

I figuren ser vi eit døme på korleis genflyt kan endre den genetiske variasjonen i og mellom populasjonar når individ migrerer.

Populasjon A og populasjon B har i utgangspunktet ulike genlager, representert ved sirklar i ulike fargar. Populasjon A har oransje og blå allel, mens populasjon B har gule og blå.

Når individ migrerer mellom dei to populasjonane, fører dei med seg allel som kan vere nye for den populasjonen dei kjem til. Når migrantane reproduserer seg, blir dei nye allela ein del av genlageret i populasjonen, og det har skjedd genflyt.

Etter genflyt ser vi at populasjon A har fått tilført gule allel frå populasjon B, og populasjon B har fått oransje allel frå populasjon A. Det betyr at den genetiske variasjonen internt i kvar populasjon har auka. Samtidig har dei to populasjonane blitt genetisk meir like fordi dei no deler dei same allela. Dersom genflyten held fram utan at andre evolusjonære mekanismar verkar, vil allelfrekvensane i dei to populasjonane gradvis nærme seg kvarandre.

Konsekvensar av genflyt

Genflyt kan ha ulike konsekvensar for ein populasjon. Kva som blir konsekvensane, er avhengig av kor stor den genetiske variasjonen er frå før, og kor spesialisert populasjonen er til det lokale miljøet sitt. Genflyt kan bidra til å auke overlevingsevna eller redusere henne. I tillegg motverkar genflyt at det blir danna nye artar.

Auka overlevingsevne

Mange trua artar består av små, isolerte populasjonar med liten genetisk variasjon. Det gjer dei sårbare for miljøendringar, og det gjer at risikoen for aukar. I slike tilfelle kan vi auke overlevingsevna til populasjonen og redusere risikoen for utrydding ved å legge til rette for genflyt. Eit tydeleg døme på dette er historia om den skandinaviske ulvepopulasjonen på 1990-talet.

Tenk gjennom

  • Kva grunnar kan det vere til at ein populasjon har liten genetisk variasjon?

  • Kvifor er ein populasjon med liten genetisk variasjon sårbar for miljøendringar?

Einsam ulv til unnsetning

Rundt 1990 var den skandinaviske ulvepopulasjonen svært liten og isolert og stod i fare for å døy ut på grunn av . I 1991 innvandra ein hannulv frå den finsk-russiske populasjonen til Sverige og fekk avkom der. Denne genflyten i form av eitt enkelt individ gav ein tydeleg, men kortvarig, genetisk redningseffekt. Sidan det nesten ikkje har skjedd genflyt etter dette, har innavl igjen blitt eit problem. Forskarar anslår at populasjonen treng ein til to immigrantar kvart femte år for å oppretthalde nok genetisk variasjon til at han kan vere levedyktig.

Dømet viser at genflyt kan tilføre populasjonen genetisk variasjon som aukar overlevingsevna.

Redusert overlevingsevne

Naturleg seleksjon gjer at populasjonen over tid tilpassar seg det lokale miljøet sitt. Sidan miljøforholda varierer frå stad til stad, vil ulike trekk favoriserast i ulike populasjonar. Genflyt kan derfor innebere at populasjonen blir tilført allel som gir trekk som er gunstige i eit anna miljø, men ugunstige i sitt eige. I verste fall kan dette føre til at populasjonen blir dårlegare tilpassa og mindre levedyktig.

Genflyt kan få særleg negative konsekvensar ved kryssing mellom ville individ og tamme eller kultiverte individ. I slike situasjonar omtaler vi genflyt ofte som genetisk forureining.

Historia om steinbukken viser korleis genflyt i somme tilfelle kan bli eit problem.

Fødd i snøen: når nye allel blir eit problem

Etter at steinbukken blei utrydda i Tatrafjella i Slovakia, ønskte styresmaktene å gjeninnføre han. Grunnleggarane blei henta frå dei italienske alpane, som har det same klimaet som i Tatrafjella.

Biologane meinte dei ville ha større sjanse for at gjenninnføringa blei vellukka jo fleire individ som blei sett ut. Dei supplerte derfor med individ frå steinbukk-populasjonar rundt Middelhavet.

Då individ frå alpepopulasjonen fekk avkom med individ frå middelhavsområdet, arva avkommet allel som gir trekk som er gunstige i eit tørt og varmt klima.

Hybridane para seg på hausten i staden for på vinteren, og dei fødde avkom i februar den kaldaste månaden i staden for på våren. Resultatet var at den nye populasjonen døydde ut.

Dømet viser korleis genflyt i somme tilfelle kan svekke tilpassinga til lokale forhold, og dermed redusere overlevingsevna til populasjonen.

Motverkar artsdanning

Genflyt held genlageret til arten samla. Dersom genflyt stansar, til dømes på grunn av geografiske barrierar som hindrar migrasjon, vil populasjonane gradvis utvikle genetiske forskjellar. Etter kvart kan forskjellane bli så store at genflyt ikkje lenger er mogleg. Då har det felles genlageret til arten blitt delt i to: Det har skjedd ei artsdanning.

Visste du at ..

Omtrent 12 % av DNA-et hos dei fleste ikkje-afrikanske menneske stammar frå neandertalarar. Det er eit resultat av genflyt mellom moderne menneske og neandertalarar for fleire titusen år sidan.

Test deg sjølv

Kjelder

Waller, D. M. (2015). Genetic rescue: A safe or risky bet? Molecular Ecology, 24(11), 2595–2597.
https://onlinelibrary.wiley.com/doi/10.1111/mec.13220

Åkesson, M., Liberg, O., Sand, H., Wabakken, P., Bensch, S., & Flagstad, Ø. (2016). Genetic rescue in a severely inbred wolf population. Molecular Ecology, 25(19), 4745–4756.
https://onlinelibrary.wiley.com/doi/10.1111/mec.13797

Skrive av Johan Vikan.
Sist oppdatert 28.04.2026