Oppgåver om genflyt og mutasjon
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein kommande læreplan. Innhaldet er under utvikling og kan vere ufullstendig.
Oppgåve 1. Vel rett alternativ
Oppgåve 2. Verknaden av genflyt
Forklar kort forskjellen mellom genflyt og migrasjon.
Bruk figuren under til å beskrive korleis genflyt påverkar
genetisk variasjon i populasjonar
genetiske forskjellar mellom populasjonar
Fremmar eller hemmar genflyt artsdanning? Grunngi svaret ditt.
Oppgåve 3. Genflyt og overlevingsevne
I kva tilfelle kan genflyt gjere ein populasjon meir levedyktig? Forklar med døme.
I kva tilfelle kan genflyt gjere ein populasjon mindre levedyktig? Forklar med døme.
Oppgåve 4. Genflyt hos storpræriejerpe
Ein populasjon av storpræriejerpe (Tympanuchus cupido) i Illinois blei isolert som følge av habitatfragmentering. Over tid observerte forskarar at både populasjonen og andelen egg som blei klekte, minka.
Seinare blei individ frå populasjonar i andre delstatar flytta til Illinois-populasjonen. Etter dette auka andelen egg som blei klekte.

Forklar korleis habitatfragmentering kan føre til redusert genetisk variasjon i ein populasjon.
Forklar kvifor andelen egg som blei klekte, sokk i den isolerte populasjonen, og kvifor andelen klekte egg auka etter at individ frå andre delstatar blei flytta til populasjonen.
Kva trur du forskarane la vekt på då dei valde individ som skulle flyttast til Illinois-populasjonen?
Oppgåve 5. Villaks og oppdrettslaks
Om villaks og oppdrettslaks veit vi følgande:

Villaks i ulike elver har ofte utvikla eigenskapar som er tilpassa lokale forhold.
Oppdrettslaks er avla for å vekse raskt og overleve under oppdrettsforhold.
Rømd oppdrettslaks kan formeire seg med villaks.
Forklar kvifor genflyt frå oppdrettslaks kan utgjere ein trussel mot ein villakspopulasjon.
Oppgåve 6. Vel rett alternativ om mutasjon
Oppgåve 7. Svar kort om mutasjonar
Test deg sjølv eller nokre andre med spørsmål som krev korte svar.
Oppgåve 8. Utsegner om mutasjonar
Nedanfor står to utsegner om mutasjonar. Forklar kva dei fortel om samanhengen mellom miljø, mutasjonar, naturleg seleksjon og evolusjon.
"Miljøet forårsakar ikkje mutasjonar, det vel mutasjonar."
"Naturleg seleksjon er motoren i evolusjonen, mutasjonar er drivstoffet."
Oppgåve 9. Påstandar om mutasjon
Bruk det du har lært om mutasjon, og avgjer om påstandane under er sanne eller usanne.
Gå deretter saman med nokre andre i klassen. Forklar for kvarandre kvifor påstandane er sanne eller usanne.
Oppgåve 10. Eit forsøk om mutasjon
I miljø med antibiotikum utviklar bakteriar ofte resistens. Denne observasjonen førte til to ulike hypotesar om korleis antibiotikaresistens oppstår. Forskarane Esther og Joshua Lederberg gjennomførte eit eksperiment for å teste desse hypotesane.
Hypotese 1
Mutasjonar som gir antibiotikaresistens, oppstår spontant i bakteriepopulasjonen. Når bakteriane blir utsette for antibiotikum, vil dei resistente bakteriane overleve og formeire seg, mens dei ikkje-resistente døyr.
Hypotese 2
Antibiotikuma i miljøet forårsakar mutasjonar som gir resistens. Desse mutasjonane blir deretter vanlegare gjennom naturleg seleksjon.
Før du les vidare
Kva veit du om korleis mutasjonar oppstår i celler?
Kva for ein av hypotesane meiner du stemmer best med denne kunnskapen? Grunngi kort.
Beskriving av forsøket
For å skilje mellom hypotesane brukte forskarane ein teknikk der bakteriekoloniar blir overførte i same mønster frå éin petriskål til nye petriskåler. Dette gjer at ein kan samanlikne kva koloniar som overlever under ulike miljøvilkår.
Figuren beskriv forsøket og resultata. Tala i figuren viser rekkefølga i forsøket. Trykk på pluss-teikna for å få meir informasjon.
Tolking av resultata
Støttar resultata hypotese 1 eller hypotese 2? Grunngi svaret ditt ved å bruke forsøksoppsettet og resultata.
Forklar kva som var poenget med skål C i dette forsøket.