Oppgåver om genetisk drift
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein kommande læreplan. Innhaldet er under utvikling og kan vere ufullstendig.
Oppgåve 1. Vel rett alternativ
Oppgåve 2. Svar kort om genetisk drift
Test deg sjølv eller andre med spørsmål som krev korte svar. Snu kortet for å sjå svaret.
Oppgåve 3. Tilfeldige hendingar
Vel ein art du kjenner godt. Ta utgangspunkt i ein eigenskap som blir bestemd av eit gen med to allel (til dømes pelsfarge, blomsterfarge eller ein arveleg sjukdom). Beskriv to ulike tilfeldige hendingar som kan påverke allelfrekvensane. For kvar hending skal du
beskrive kva som skjer, og kva hendinga gjer med populasjonen
forklare korleis hendinga kan føre til at eit allel blir vanlegare eller sjeldnare
forklare kvifor hendinga er eit døme på genetisk drift og ikkje naturleg seleksjon

Når du kastar ein terning seks gonger, vil terningen sjeldan lande nøyaktig éin gong på kvar side. Men om du kastar terningen 10 000 gonger, vil han lande på kvar av sidene omtrent 1/6 av gongene. Bruk dette dømet til å forklare kvifor genetisk drift har større effekt i små populasjonar enn i store.
Oppgåve 4. Simuler genetisk drift med perler
I denne oppgåva skal de simulere genetisk drift ved hjelp av perler. Dataa de samlar inn, skal de bruke til å undersøke korleis allelfrekvensar endrar seg over fleire generasjonar.
Det er ein fordel at de er fleire elevar som gjennomfører simuleringa med kvar dykkar populasjon. Då vil det vere mogleg å undersøke korleis genetisk drift påverkar forskjellar mellom populasjonar.
Framgangsmåte
La perler i to ulike fargar, til dømes svart og kvitt, symbolisere to ulike allel av eit gen.
Putt 5 perler av kvar farge i ein kopp. Dette symboliserer at allelfrekvensane i genlageret til populasjonen er 0,5.

Vi let slump avgjere i kva grad dei to allela blir vidareførte til neste generasjon.
Trekk ei tilfeldig perle frå koppen, noter fargen og legg perla tilbake. Gjenta dette 10 gonger. Pass på så du blandar perlene godt mellom kvar gong du trekker.
Noter kor ofte du trekte kvar av dei to fargane. Desse frekvensane utgjer allelfrekvensane i neste generasjon.
Juster talet på svarte og kvite perler i koppen slik at andelane stemmer med dei nye allelfrekvensane. Dersom du til dømes trekte svart 6 gonger og kvitt 4 gonger, skal det no vere 6 svarte og 4 kvite perler i koppen.
Gjenta punkt 1–3 ti gonger, eller til du berre har igjen perler av éin farge.
Resultat og diskusjon
Teikn ein graf som viser frekvensen til det svarte allelet som funksjon av talet på generasjonar. Samanlikn grafen din med grafane for dei andre populasjonane i klassen.
Endra allelfrekvensar som kjem av genetisk drift, blir av og til beskrivne som "ein tilfeldig spasertur". Korleis synest du denne beskrivinga passar for grafane de har teikna i klassen?
Diskuter kva resultata fortel om korleis genetisk drift påverkar
genetisk variasjon i populasjonar
genetisk variasjon mellom populasjonar
Oppgåve 5. Genetisk drift og tilpassing
Rekn med at allel stor A gir ein fenotype som aukar fitnessen til eit individ samanlikna med individ utan dette allelet. Til dømes kan allelet gi betre kamuflasje, noko som reduserer sannsynet (risikoen) for å bli ete av rovdyr.
Figuren viser korleis frekvensen til allel stor A kan endre seg i to ulike populasjonar: ein liten populasjon på 30 individ og ein uendeleg stor populasjon.
Finn eit tidspunkt der frekvensen av allel A søkk i den vesle populasjonen sjølv om allelet er fordelaktig. Beskriv to moglege grunnar til at frekvensen av allel A søkk frå ein generasjon til den neste.
Samanlikn utviklinga av allelfrekvensen i dei to populasjonane. Forklar kvifor figuren viser at genetisk drift kan motverke tilpassing i ein liten populasjon.
Oppgåve 6. Grunnleggar- og flaskehalseffekt
Bruk figuren nedanfor til å forklare flaskehals- og grunnleggareffekten.
Kva del av figuren viser den opphavlege populasjonen?
Kva representerer dei ulike fargane?
Kva for ein prosess er illustrert i midten av figuren?
Korleis skil den nye populasjonen seg frå den opphavlege, og kvifor?
Oppgåve 7. Hutterittane
Hutterittane er ei religiøs rørsle i USA som stammar frå ei gruppe på rundt 400 individ som utvandra frå Europa på 1870-talet. Hutterittane giftar seg hovudsakleg med andre hutterittar og dannar i dag eit ganske lukka samfunn på ca. 46 000 personar.

Fleire arvelege sjukdommar er mykje vanlegare blant hutterittar enn blant andre amerikanarar. På den andre sida slepp hutterittane fleire arvelege sjukdommar som finst i den europeiske befolkninga dei opphavleg kom frå.
Forklar dette mønsteret i førekomsten av arvelege sjukdommar blant hutterittar. Bruk informasjonen ovanfor og kunnskapen din om genetisk drift.
Oppgåve 8. Sjøelefantar
På 1800-talet førte intensiv jakt til at bestanden av nordleg sjøelefant (Mirounga angustirostris) blei redusert til berre 20–40 individ.
Den nærskylde arten sørleg sjøelefant Mirounga leonina blei òg jakta på, men bestanden var ikkje på noko tidspunkt lågare enn 1000 individ.
Begge bestandane har sidan vakse kraftig og tel i dag fleire hundre tusen individ.
Trass i dette har nordleg elefantsel framleis svært låg genetisk variasjon, mens sørleg elefantsel har mykje høgare variasjon.

Forklar kvifor nordleg sjøelefant i dag har så låg genetisk variasjon sjølv om bestanden er på fleire hundre tusen individ.
Forklar kvifor sørleg sjøelefant har større genetisk variasjon enn nordleg sjøelefant.
Kva for konsekvensar kan låg genetisk variasjon ha for sjøelefantbestanden?