Hopp til innhald

Fagstoff

Naturleg lys

Retning, høgde, intensitet og farge på lyset er noko du som fotograf alltid må vere merksam på. I eit studio kan du styre lyset sjølv. Ved utandørsfotografering må du lære deg korleis du kan utnytte og kontrollere det lyset som finst der.
Kollasj med tre bryllaupsbilete som viser forskjellig bruk av naturleg lys. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vêret

Vêret lever sitt eige liv, og det er det lite vi kan gjere med. Som fotograf er det viktig å utnytte dei moglegheitene forskjellige vêrtypar gir. Planlegg derfor grundig i forkant og følg nøye med på vêrvarselet dagane før fotografering. Uansett om det blir sol, overskya eller regn, er det viktig å vere godt førebudd og utnytte moglegheitene. Her er nokre tips:

  • Sol frå klar himmel er ein utfordrande situasjon. Lyset kjem direkte frå den sterkaste lyskjelda vår. Dette gir eit svært hardt, direkte lys, som også lagar harde skuggar i eit ansikt. Eit godt tips er at du oppsøkjer skugge. Der er lyset mjukare, og du unngår harde skuggar. Dette er vanleg for eksempel i samband med bryllaupsfotografering. Alternativt kan du også utnytte det harde, direkte lyset til å lage sterke bilete med kraftige linjer og kontrastar, slik ein ser meir av innanfor reklame- og motefotografering.

    Eksperimenter gjerne med retninga på lyset (frontlys/sidelys/motlys), men hugs at du alltid eksponerer for høglyset, då direkte lys fort kan resultere i utbrende bilete. (Sjå meir om eksponering i læringsstien om ISO, blendar og lukkar.)
    Modell i heltotalt bildeutsnitt. Foto.
    Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Overskya vêr er ofte lettare å fotografere i. Mange tenkjer at bilete tekne i overskya vêr, blir keisame, men i realiteten er lyset gunstig for fotografering sidan skyene bidreg til at sollyset ikkje blir så intenst. Dermed blir lyset mjukare, og du unngår harde skuggar.
  • I regnvêr må du bruke ein god paraply eller velje fotostad med omhug. Dersom det er utrygt for regn, er det lurt å dra ein stad der det er mogleg å stå tørt under tak. Halvtak, overbygg og tunellar er tørre samstundes som slike overbygg ofte gir ei fin retning på lyset.
    Portrett av mann med skjegg fotografert med naturlig lys i ei tunellopning. Foto.
    Opne bilete i eit nytt vindauge

Tidspunkt

Forskjellige tider på døgnet gir forskjellige moglegheiter. Tidspunkt kan du ofte velje sjølv, men ikkje alltid. Enkelte fotograferingar må skje på eit spesielt tidspunkt, og då kan det vere greitt å vite kor sola er i høve til opptakstaden. Det finst mange hjelpemidel, eitt er verktøyet Sun Calc som raskt kan fortelje deg kor sola er på bestemt klokkeslett og dato. Dermed vil bryllaupsfotografen raskt kunne sjå om kyrkjetrappa vil liggje bada i sollys eller ikkje.

Landskapsbilete frå Lofoten. Utsikt til fjell med skyer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har du høve til å velje tidspunkt sjølv, er det verdt å tenkje på høgdeplasseringa av lyset. Hugs at eit høgt lys ofte gir uheldige skuggar i ansiktet til modellen, mens eit lågare sidelys ofte gir eit meir flatterande lys. Som ein hovudregel bør du derfor unngå å ta bileta midt på dagen. Lyset er både lågare og mindre intenst tidleg og seint på dagen.

Alle fotografar bør også kjenne til «den blå timen» som er timen før sola står opp, og timen etter sola har gått ned. I dette tidsrommet er lyset spesielt mjukt, samstundes som det har ein spesielt kald eller blå fargetemperatur. Innanfor landskapsfotografering er høgdeplasseringa på lyset spesielt viktig, og ein ser nesten aldri bilete som ikkje er fotografert tidleg eller seint med lågt lys.

Sjå: Topp 10 landskapsfotografi

Bruk reflektorskjerm

Reflektorskjermar kjem i alle former og fasongar og er i utgangspunktet ei stor, reflekterande flate som sender lyset tilbake. Kva slags overflate reflektoren har, avgjer fargetemperaturen på refleksjonslyset. Ein reflektorskjerm blir hovudsakleg brukt til å sende lys inn i eit motiv for å lette opp skyggepartia.

Modell belyst med naturlig lys og tre forskjellige reflektorskjermer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forskjellige reflekterande overflater påverkar fargetonen i bileta dine. I eksempelet ser du at sølvreflektoren (2) gir eit noko kaldt lys medan gullreflektoren (3) gir eit meir varmt lys i andletet til modellen. Den kvite reflektoren (4) er den som gir mest naturlege fargar og hudtonar i biletet.

Reflektorskjermar kan du få kjøpt i samanbrettbare variantar, men du kan også enkelt lage din eigen ved å kle ei papplate med f.eks. aluminiumsfolie.

Saks, teiprull, rull med aluminiumsfolie og ei plate kledd med aluminiumsfolie. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2017

Læringsressursar

Lyssetjing