Hopp til innhald

Fagstoff

Merking av gods for riktig handtering ved transport

Internasjonalt gods blir handtert av mange personar frå ulike land og kulturar. Derfor har FN laga internasjonale transportsymbol som alle kan forstå.
Som yrkessjåfør treng du kunnskapar om reglane for transportmerking av gods.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som yrkessjåfør treng du kunnskapar om reglane for transportmerking av gods. Dei generelle transportsymbola er laga for at alle skal forstå symbola, same kvar dei er i verda.

Eit døme er paraplysymbolet. Dette er utstyrt med regndråper i tillegg til paraplyen, fordi alle skal forstå at gods merkt med dette symbolet skal vernast mot regn. I Afrika kunne symbolet elles lett blitt forstått som at godset måtte vernast mot sol (med parasoll).

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 28.12.2018

Læringsressursar

Emballering og klargjøring