Øvelse
Øv på sterke verb: etappe 1
Lær deg nokon viktige sterke verb utanåt. Vi har valt ut ord som du treng ofte når du skriv.
Nokon vanlege sterke verb følger same bøyingsmønsteret som verbet å skrive:
Infinitiv | Presens | Preteritum | Presens perfektum |
---|---|---|---|
å drive | eg driv | eg dreiv | eg har drive |
å gripe | eg grip | eg greip | eg har gripe |
å skrike | eg skrik | eg skreik | eg har skrike |
å skrive | eg skriv | eg skreiv | eg har skrive |
å slite | eg slit | eg sleit | eg har slite |
Forklart på fagspråket: Alle har lang i som rotvokal i infinitiv, og rotvokalen er i i presens, ei i preteritum og i i perfektum partisipp.
Lær deg desse verba utanåt. Øv dei gjerne munnleg saman med ein klassekamerat.
Sterke verb etter mønster av å skrive