Substantiv som endar på -ar
Sjå på desse eksempla:
Bokmål | Nynorsk |
---|---|
en elektriker | ein elektrikar |
en amerikaner | ein amerikanar |
en arbeider | ein arbeidar |
I alle desse substantiva er det gøymt eit anna ord: å arbeide, Amerika, elektrisk osb. Substantivet er da nemninga på personen som arbeider, lærer bort, vinn, kjem frå Amerika eller jobbar som elektrikar. Slik bøyer vi desse substantiva:
- ein arbeidar – arbeidaren – fleire arbeidarar – alle arbeidarane
Nokre substantiv som endar på -er i bokmål, får -er også i nynorsk, til dømes meister, vinter, kalender, meter, jeger og anger.
Som du no har lært, har substantiva som endar på -ar i nynorsk to kjenneteikn: Dei er avleidde av eit anna ord, og dei er nemningar på personar som utfører ei handling.
Sjekk eksempelorda nedanfor og avgjer om dei oppfyller desse to krava.
- meister
- vinter
- kalender
- meter
- jeger
Av og til er det nødvendig å slå opp kjønn og bøying på eit substantiv.
Bruk nynorskordboka på nett.
- Slå opp substantivet “time”.
- Kva betyr bokstaven m etter ordet?
Korleis får du opp bøyingsmønsteret for ordet?
- Kva betyr bokstaven m etter ordet?
- Slå opp orda hus og tid.
- Kva for bokstavar står etter orda, og kva tyder dei?
- Kva for bokstavar står etter orda, og kva tyder dei?
- I oversikta over bøyingsformene er omgrepa “ubunden form” og “bunden form” brukte. På nynorsksidene på NDLA bruker vi to andre omgrep, som kan brukast i både bokmål og nynorsk.
- Kva heiter dei?