Øvelse
Nokon e-verb som er litt spesielle
Dei fleste e-verba er enkle å bøye: Endar preteritumsforma på -te, så får perfektum partisipp endinga -t. Endar preteritumsforma på -de eller -dde, så får perfektum partisipp endinga -d eller -dd.
- undersøker - undersøkte - har undersøkt
- lever - levde - har levd
- arbeider - arbeidde - har arbeidd
Når perfektum partisipp av desse e-verba blir brukt som adjektiv, treng vi berre hugse på fleirtals-e: ein undersøkt pasient, eit undersøkt barn, undersøkte pasientar.
Men det finst nokon få e-verb som skal ha -de i preteritum og -t i presens perfektum. Verba på lista nedanfor bruker vi ofte, og derfor er det lurt å kunne dei:
- gløymer – gløymde – har gløymt
- drøymer – drøymde – har drøymt
- høyrer – høyrde – har høyrt
- køyrer – køyrde – har køyrt
- slenger – slengde – har slengt
- stenger – stengde – har stengt
- sender – sende – har sendt
- å melde – melde – har meldt
Når vi bruker perfektum partisipp av desse verba som adjektiv, må vi passe på litt ekstra. Vi bøyer dei slik:
ein stengd butikk – ei stengd dør – eit stengt lokale – stengde svømmehallar