Øvelse
Gjer om frå passiv til aktiv form
I nynorsk (og i bokmål!) er det ofte betre å bruke aktiv form enn passiv form av verbet. Det gjeld særleg når det faktisk er viktig å vite kven det er som gjer eller skal gjere noko. Men uansett er det eit godt prinsipp å bruke aktiv form av verbet med mindre du har ein god grunn til å velje passiv i staden.
Eksempel
- Bøkene blir kjøpte i bokhandelen. (eg)
- Eg kjøper bøkene i bokhandelen.