Hopp til innhold
Oppgave

Oppsummering: adjektiv i nynorsk

No skal du formulere det du nettopp har lært, med eigne ord. Da vil du garantert hugse lærestoffet betre!

Oppgåve

  1. Jobb gjerne saman i grupper på tre igjen. Ta eitt og eitt eksempel og sei kva for ein regel eksempelet illustrerer. Hint: Eksempel a) viser samsvarsbøyinga av heilt vanlege, regelrette adjektiv.
  2. Skriv ned reglane og eksempla og lag din eigen minigrammatikk om nynorsk adjektivbøying.

Eksempel

  1. ein stor dag – ei stor glede – eit stort hus – store hendingar;
    den store dagen – den store gleda – det store huset – dei store hendingane
  2. grei – greitt – greie; flau – flautt – flaue
  3. ein rosa paraply, ei rosa sløyfe, eit rosa hefte, rosa roser (rosa, strålande, sporty, netto …)
  4. artig – artig – artige; ærleg – ærleg – ærlege; vettug – vettug – vettuge
  5. open – opent/ope – opne; kresen, svolten osv.
  6. finsk – finsk – finske; fransk – fransk – franske
  7. liten – lita – lite – små(e); det vesle/litle barnet
  8. snill – snillare – snillast
  9. billig – billigare – billigast; hyggeleg – hyggelegare – hyggelegast
  10. ung – yngre – yngst; gammal, stor, liten, ille/vond, få, mange
  11. romantisk – meir romantisk – mest romantisk

Tips

Dersom du vil øve meir på adjektivbøying i nynorsk eller på andre nynorskemne, finn du eit eige nynorsk-øvingsrom på nettsidene til Språkrådet. Her kan du velje dei emna du treng å jobbe med.