Øvingar: sterke verb
- Perfektum partisipp av dei sterke verba endar på -e når det står etter å ha: har drukke, har ete, har funne osv.
- Når perfektum partisipp av sterke verb er brukt som adjektiv, får det endinga -en i hankjønn og hokjønn eintal, -e i inkjekjønn eintal og -e i fleirtal.
Lær deg gjerne dei åtte sterke verba frå øving A og B. Du får ofte bruk for dei når du skriv. Gjenta øvingane heilt til du klarer dei utan å kikke på oversikta.
Perfektum partisipp av sterke verb.
Sjå på lista over verb nedanfor. Perfektum partisipp av desse verba får ikkje samsvarsbøying når det står som predikativ, det vil seie etter verba å vere og å bli. Eksempel: Stolane er tatt bort. Stolane blei tatt bort.
Infinitiv | Presens | Perfektum partisipp | Infinitiv | Presens | Perfektum partisipp | |
---|---|---|---|---|---|---|
å bli | blir | blitt | å dra | drar | dratt | |
å få | får | fått | å gi | gir | gitt | |
å gå | går | gått | å la | lar | latt | |
å sjå | ser | sett | å slå | slår | slått | |
å stå | står | stått | å ta | tar | tatt |
Fem av verba på denne lista kan bøyast på to måtar. Du kan for eksempel velje å skrive
- eg tek – eg har teke
- eg dreg – eg har drege
- eg gjev – eg har gjeve
- eg let – eg har late
- eg slår – eg har slege.
Men vel du desse formene, må du også samsvarsbøye partisippet. Da må du skrive: Stolen er teken bort. Stolane blei tekne bort.