Hopp til innhold
Øvelse

Kva er samsvarsbøying?

At det er samsvar mellom to ting, vil seie at dei på eitt eller anna vis høyrer saman, og at dei står i rett forhold til kvarandre. Men kva meiner vi med samsvarsbøying når vi snakkar om språk?

Å bøye eit ord vil seie å “hekte på” ulike endingar. På engelsk seier vi for eksempel:

  • I love coffee.
  • She loves coffee.

Endinga -s treng vi fordi subjektet (personen som elskar kaffe) står i tredje person eintal (he, she, it). I alle andre tilfella (I, you, we, they) skal verbet ikkje ha ending.

Samsvarsbøying i norsk

Nå kan vi kanskje hovere litt over engelskmennene og seie at norsk klarer seg heilt fint utan den slags, for vi seier heilt enkelt “eg lagar kaffi, ho lagar kaffi” osb., og det fungerer supert.

Eksempel: samsvarsbøying av adjektiv

Men også norsk har ein god del samsvarsbøying, faktisk meir enn engelsk når alt kjem til alt. Blant anna skal adjektivet bøyast i samsvar med ordet det høyrer saman med. (Det skal det også i svensk, dansk, tysk, fransk, spansk og i mange andre språk.) Her kjem nokon eksempel:

  • Eg har kjøpt ei ny skjorte og eit nytt belte.
  • Treng vi verkeleg nye syklar?
  • Eg er sliten. Vi er slitne.

Kva for ending adjektivet får, kjem an på om substantivet står i eintal eller fleirtal: ei ny bok – nye bøker. I tillegg kjem det an på kva kjønn substantivet har: ei ny skjorte – eit nytt belte; ein liten gut – ei lita jente – eit lite barn.

Perfektum partisipp brukt som adjektiv

Perfektum partisipp er ei verbform som vi bruker til å danne tidsforma presens perfektum, saman med tidshjelpeverbet å ha:

  • Dei har gått heim.
  • Vi har tatt toget.
  • Eg har skrive eit brev.
  • Ranarane har stole bilen.

Øving

Når vi bruker perfektum partisipp saman med tidshjelpeverbet å ha, er partisippet ubøygd. Det vil seie at partisippet alltid har same form.

Men perfektum partisipp kan også brukast som adjektiv. Da står det til eit substantiv og beskriv det nærmare, og det får som regel samsvarsbøying, på same måten som andre adjektiv:

Nynorsk

  • Ranarane køyrde i ein stolen bil.
  • Kor mange stolne bilar fann politiet i går?
  • Den stolne bilen stod på ein parkeringsplass.

Bokmål

  • Ranerne kjørte i en stjålet / stjålen bil.
  • Hvor mange stjålne biler fant politiet i går?
  • Den stjålne bilen stod på en parkeringsplass.


Samsvarsbøying av perfektum partisipp finn vi altså i både bokmål og nynorsk, særleg når partisippet står i attributiv stilling, det vil seie framfor substantivet.

Men bokmål har ikkje samsvarsbøying når perfektum partisipp står som predikativ, det vil seie etter verba å vere og å bli. Nynorsk har samsvarsbøying også da.

Nynorsk

  • Bilen har blitt stolen. Bilane har blitt stolne.
  • Bilen er stolen. Bilane er stolne.

Bokmål

  • Bilen har blitt stjålet. Bilene har blitt stjålet.
  • Bilen er stjålet. Bilene er stjålet.