Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Mobbing i filmen Bully

Dokumentarfilmen Bully handlar om omsynslaus mobbing. Her er oppgåver til filmen. Desse handlar om kva mobbing er, og korleis mobbing og krenkande åtferd kan førebyggast.

Om filmen

Bully er ein prislønt og sterk dokumentarfilm som tek oss med inn i kvardagen til fem barn i løpet av eit skuleår. Gjennom intervju og opptak frå klasserom, skulebussar og idrettshallar får vi eit unikt innblikk i mobbinga barna opplever.

Sjå filmen før du svarer på oppgåvene. (Filmen varer i 1 time og 39 minutt.)

Oppgåver til Bully

1. Alex

Du skal no få sjå eit utdrag frå dokumentarfilmen. Etter å ha sett filmutdraget skal du svare på spørsmål knytte til det du har sett.

Utdraget frå filmen handlar om Alex. Han er ein 12 år gammal gut som bur saman med foreldra og fire søsken.

Sjå filmutdraget om Alex (ndla.filmiundervisning.no)

  • Kva kallenamn har Alex?

  • Kvifor trur du han har fått dette kallenamnet?

  • Kvifor trur du det er vanskeleg for Alex å snakke om det han opplever på skulevegen og på skulen?

  • Foreldra til Alex oppsøker skulen etter at Alex har fått truslar på bussen. Korleis opptrer rektoren i dette møtet?

  • Korleis trur du det går vidare med Alex? Grunngi svaret ditt.

2. Mobbing og krenkande åtferd

  • Kva er meint med mobbing og krenkande åtferd?

  • Gi døme på mobbing og krenkande åtferd i filmen Bully.

  • Gi døme på førebyggande tiltak som kunne vore til hjelp for barna vi møter i filmen.

  • Kva er aktivitetsplikta, og kvifor er aktivitetsplikta så viktig i arbeidet med å oppdage og førebygge mobbing?

3. Førebygge mobbing

  • Korleis vil du beskrive miljøet ved skulane i filmen?

  • Reflekter over kva tiltak som kan setjast inn i skular som har problem med mobbing.

  • Diskuter om kommunikasjon og openheit kan bidra til betre samhandling blant barn og unge.

  • På kva måte trur du vaksne, anten i yrkeslivet eller som foreldre, kan bidra til å førebygge mobbing?

  • Lag ein antimobbekampanje for ein skule som har store problem med mobbing. Planen skal innehalde konkrete aktivitetar og skildringar av korleis aktivitetane skal gjennomførast.

4. Drøft desse påstandane

  • Det går føre seg lite mobbing i norsk skule.

  • Mobbing kan føre til store psykiske problem for den som blir utsett for dette.

  • Dersom barn mobbar, så er det foreldra som har svikta i barneoppsedinga.

  • Mobbing er brot på grunnleggande menneskerettar.

Relatert innhald

Hjarteskjerande dokumentarfilm om mobbing på amerikanske skular. Filmen følgjer fem barn gjennom eit skuleår.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 23.06.2021

Læringsressursar

Minoritetar, mangfald og utanforskap