Hopp til innhald

Kortfilm

No man is an island

Tre muslimske vener grillar og drikk øl ved ei elv i nærleiken av Oslo. Blant kvardagsleg prat dukkar det opp både politiske og eksistensielle spørsmål. Litt utpå kvelden kjem ein framand mann som kallar seg Jesus og slår seg ned saman med dei.

Om filmen

Novellefilmen No man is an island er filmskapar Ali Parandian sin debutfilm. I 2017 blei filmen kåra til årets beste norske kortfilm ved Bergen internasjonale filmfestival (BIFF). Rollene som dei tre kameratane blir tolka av skodespelarane Arman Surizehi, Bhkie Måle og Khalid Mahamoud.

Det finst fleire litterære referansar i No man is an island. Tittelen på filmen er lik tittelen på eit dikt av John Donne. Det blir òg referert direkte til dette diktet, og til Olav H. Hauges dikt Det er den draumen, i løpet av filmen.

No man is an island

Tre kompisar møtest ein sommardag ved elva for å grille, drikke øl og bade. Det er ei stund sidan dei har sett kvarandre. Carlos har vore på reise i Europa. Amir har bestemt seg for å kutte ut studiane for ein periode, og Effi har eit mål om å levere inn meldekort hos NAV.

Dei snakkar om laust og fast. Stemninga er god, og latteren sit laust, men samtalane er òg prega av alvor. Dei deler erfaringar om korleis dei ofte kjenner seg framandgjorde, og at dei opplever å vere nedst på rangstigen i samfunnet på grunn av hudfarge og innvandrarbakgrunn.

Litt utpå kvelden kjem ein synleg rusa mann bort til dei. Han kallar seg Jesus og ønskjer å bomme både sigarettar og øl. Han spør dei om dei er muslimar, og om dei planlegg eit terrorangrep. Er han ganske enkelt berre så full at han ikkje veit kva han seier, eller er det heile meint som ein rasistisk provokasjon?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 17.03.2022

Læringsressursar

Minoritetar, mangfald og utanforskap