Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Hail Satan?

Hail Satan? er ein underhaldande dokumentar som gir eit overraskande og friskt innblikk i ein kontroversiell organisasjon som er langt meir lystig enn ein skulle tru.

Om filmen


I 2013 blei den amerikanske organisasjonen og religiøse gruppa Satanic Temple stifta. Sidan den gongen har organisasjonen berre blitt større, og innverknaden til Satanic Temple strekkjer seg i dag langt utover dei amerikanske landegrensene.

I denne dokumentaren får menneska bak organisasjonen forklare kva satanisme betyr for dei. For trass i kva dei fleste trur, så handlar visstnok ikkje satanismen om å tilbe djevelen, men er snarare eit opprør mot tradisjonell religion og etablissement som oppmodar til fri tenking.

CC BY-SASkrive av Ida Marie Stokkelien og Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 05.10.2021

Læringsressursar

Minoritetar, mangfald og utanforskap