Hopp til innhald

Spelefilm

Sorry We Missed You

Etter finanskrisa i 2008 mista Ricky jobben. Kona Abby jobbar døgnet rundt som hjelpepleiar for å forsørgje familien.

Om filmen

Ricky og kona Abby slit med å betale rekningane. Då Ricky får moglegheita til å få ein jobb som franchisetakar i eit budbilfirma, ser det ut som at ting endeleg skal snu.

Men i firmaet finst det ingen unnskyldningar for å ikkje levere på topp heile dagen, seks dagar i veka. Derfor blir gleda kortvarig når tenåringssonen Seb byrjar å utagere, og døgnet ikkje har mange nok timar til å rekkje å vere både forelder og arbeidsmaur.

Sorry We Missed You konkurrerte i hovudkonkurransen under Cannes Filmfestival i 2019.

CC BY-SASkrive av Ida Marie Stokkelien og Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 09.02.2021

Læringsressursar

Minoritetar, mangfald og utanforskap