Hopp til innhald

Kortfilm

The Present

I animasjonsfilmen The Present får 12 år gamle Jake ei gåve frå mor si. Filmen har vunne ei rekkje filmprisar og har blitt vist på over 180 filmfestivalar rundt om i heile verda.

Om filmen

Jake sit stort sett heime og speler videospel. Ein dag kjem mamma heim med ei uventa gåve til han. Jakes reaksjon når han opnar gåva, er overraskande.

Mangfald

Filmen inviterer oss til å prøve å forstå kvifor Jake reagerer slik han gjer. Filmen eignar seg godt til refleksjonar rundt mangfald, og over kva for utfordringar eit barn med funksjonsnedsetjing møter på i kvardagen.

Frå teikneserie til film

Filmen er basert på ei teikneseriestripe av brasilianske Fabio Coala.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 10.09.2021

Læringsressursar

Minoritetar, mangfald og utanforskap