Hopp til innhald

Kortfilm

Vi kan ikke hjelpe alle

Ei ung mor slit med å få pengane til å strekkje til for seg sjølv og dottera.

Om filmen

Alexa er ei lita jente på fem år med gul boblejakke og ballerinaskjørt. Etter å ha overhøyrt ein amper telefonsamtale mellom mora og faren, tissar ho på seg, slik at strømpebuksa blir våt. Problemet er berre at mammaen ikkje har pengar til å kjøpe ny til henne.

Etter eit møte med ein tiggar lærer vesle Alexa ei hard lekse om livet denne dagen: Vi kan ikkje hjelpe alle.

Fattigdom

Filmen viser kva problemstillingar som kan dukke opp hos unge einslege forsørgjarar med dårleg råd. Den gir òg ein peikepinn på kva belastning ein slik situasjon kan vere for både foreldre og barn.

Filmen opnar for refleksjonar rundt kva konsekvensar det har for barn å vekse opp i ein familie med lite pengar, om vi har fattigdom i Noreg, og kva som ligg i omgrepet barnefattigdom.

Filmen er regissert av filmskapar Nina Knag.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Anne Cathrine Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 29.11.2023

Læringsressursar

Minoritetar, mangfald og utanforskap